Det er fastlegekrise og på ventelistene hopar det seg opp med pasientar. I august sto minst 175.000 nordmenn utan fastlege.
Og det er dei kvinnelege fastlegane som er mest populære, syner tal NRK har fått frå Helsedirektoratet.
I utgangen av oktober hadde kvinnelege fastlegar i median 61 personar på venteliste. Samstundes hadde mannlege fastlegar 38 på lista.
Dei kvinnelege hadde altso over 60 prosent fleire som stod i kø for å få dei som fastlege.
Intime undersøkingar og svangerskap
Pasientar NRK har snakka med som føretrekker å ha kvinnelege fastlegar er som oftast kvinner sjølve.
Fleire av dei trekker fram gynekologiske undersøkingar som noko dei helst ynskjer å gjere hjå ei kvinne:
Kvinner går også oftare til legen enn menn, syner tal frå SSB.
I 2021 gjekk kvinner i 20-åra dobbelt so mange gongar til legen som menn i same aldersgruppe.
Meiner det ikkje manglar på kunnskap
Marte Kvittum Tangen er styreleiar i Norsk foreining for allmennmedisin, som jobbar for allmennlegar – eller fastlegar – si faglege utvikling.
– Det er ikkje grunnlag for å seie at mannlege fastlegar kan for lite om kvinner si helse. Generelt har vi jo mindre kunnskap om kvinner si helse enn om menn si, men eg trur meir på andre forklaringar, seier ho.
Tangen meiner at kvinner får behov for å fare til fastlegen mykje tidlegare i livet enn menn, og at dei i ein tidlegare alder vert medvitne på kva kjønn dei ynskjer legen skal vere.
Tangen meiner der er mange forklaringar på fenomenet, men noko kunnskapshol om kvinnehelse trur ho ikkje det er hjå hennar mannlege kollegaar.
Foto: Thomas B Eckhoff / Den norske legeforeningOgså ho peikar på prevensjon, svangerskap, fødsel og gynekologiske undersøkingar som heilt sentralt.
– Dette er undersøkingar og problemstillingar som ofte kan vere vanskelege å snakke om, og mange opplever då at det er lettare å prate med ein av same kjønn, seier Tangen.
Ho fortel også at kvinnelege fastlegar i snitt har færre pasientar på sine lister enn sine mannlege kollegaar, og at dette kan vere med på å forklare dei lengre køane.
– Om vi tenkjer at alle menn vil til menn og kvinner vil til kvinner, so vil det likevel vere større ventelister hjå kvinnene, fordi dei har færre plassar, seier ho.
Er kvinner meir empatiske?
Av dei 15 fastlegane i Ålesund med lengst venteliste er 14 av dei kvinner. Ein av dei Ingeborg Olga Salen Relling.
– Det er mange empatiske menn, men kanskje kvinner er litt meir empatiske? Vi er vande til å snakke meir, i alle fall mange av oss, seier Relling.
Ho trur også det er slikt som gynekologiske undersøkingar som gjer at kvinner som ho har lange ventelister.
I 20- og tidleg 30-åra vert kvinner oppmoda om å ta livmorhalsprøve kvart tredje år.
Fleire gynekologiske undersøkingar kan gjerast på fastlegekontoret heller enn hjå gynekologen, der ventelistene ofte er lengre.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Ein fastlege skal jo følgje deg og du skal ha tillit til dei. Du må jo føle ein viss kjemi og tenkje at nokon bryr seg. Det tenkjer eg er viktig uansett om du er ei kvinne eller ein mann, seier Relling.
– Er det eit problem at det er færre som ynskjer dine mannlege kollegaar som fastlege?
– Nei, for eg trur ikkje dei opplever det. Det er rett og slett berre fordi der er litt legemangel. No er jo problemet at folk ikkje får seg fastlege.
– Mine mannlege kollegaar er flinke, so det handlar ikkje om det, seier Relling.
Helse- og omsorgsdepartementet har ikkje ynskja kommentere saka.