Jourhavende jurist ved Sunnmøre politidistrikt, Gudrun Kalvatn, stadfestar at jenta har meldt valdtekta til dei.
Skal ha skjedd på Tueneset
Russen i Ålesund var samla på Tueneset i går kveld og i natt. Det var på parkeringsplassen valdtekta skal ha skjedd.
- Vi veit ikkje om det er ein russ eller andre som har gjort dette. Vi har få signalement å gå etter, seier Kalvatn.
Les også:
Vil ha tips
Kalvatn seier at dei er interesserte i tips frå publikum.
– Politiet har fått få tips så langt. Om nokon sit på informasjon som kan ha betyding, oppfordrar vi dem til å ta kontakt, seier Kalvatn.
Torsdag ettermiddag dreiv politiet med teknisk sikring av bevis og vitneavhøyr.