Kvinnelandslaget på plass i Ålesund

Fredag spelar Noreg EM-kvalifiseringskamp mot Wales på kunstgraset i Ålesund. Og alt no er laget på plass for å førebu seg til kampen.

Kvinnelandslaget

Kvinnelandslaget gjennomførte ei svært humørfylt trening på stadion i Ålesund måndag kveld.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det er ei sterk tropp, også med sterkt lokalt preg som har byrja treningane på stadion i Ålesund.

Målvakt Cecilie Fiskerstrand kjem frå langevåg, systrene Ada og Andrine Stolsmo Hegerberg frå Sunndal og Kristine Bjørdal Leine frå Skodje.

Kristine Bjørdal Leine har spelt på aldersbestemte landslag. Og sist sommar tok ho steget frå Fortuna Ålesund i 1. divisjon til Røa i Toppserien.

– Det er heilt sjukt å få lov til å vere med på landslagssamlinga. Og at det skjer i Ålesund toppar heile pakka, seier Leine til NRK.

Kristine Bjørdal Leine

Kristine Bjørdal Leine frå Skodje har spelt på Fortune Ålesund. No spelar ho på Røa, og er teken ut i landslagstroppa.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Kvinnelandslaget har lagt seg på ei linje der dei spelar kampane sine på forskjellige stader rundt om i Noreg. Og i Ålesund går billettsalet strykande. Måndag kveld var det seld 2000 billettar.

– Vi har lyst til å skape fotballstemning over heile landet. og vi har fått ei fantastisk mottaking i fotballfylket Møre og Romsdal, seier landslagssjef Roger Finjord.

Roger Finjord

Landslagstrenar Roger Finjord.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

I dagane fram mot kampen er det mogleg å sjå landslaget til følgjande tider:

  • Tysdag 20.10: Kl. 12.00
  • Onsdag 21.10: Kl. 12.00
  • Torsdag 22.10: Kl. 16.15

Ada Hegerberg frå Sunndal spelar no for den franske klubben Lyon. Dette laget spelar i meisterligaen, og skal no møte Atlético Madrid. Hegerberg seier at meisterligaspel gjev verdifull erfaring.

– Det er veldig viktig for kvinnefotballen at vi har spelarar som er med på internasjonalt høgt nivå. Det er viktig at Lillestrøm tok seg vidare til andre runde.

– Korleis går det mot Wales på fredag?

Det blir spennande. Eg har aldri møtt Wales før. Det er ein viktig kamp, og eg vonar vi får førebudd oss godt her.

Ada Hegerberg

Ada Hegerberg skal ikkje berre spele landskamp. Snart er ho klar for å møte Atlético Madrid i meisterligaen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ada Hegerberg gleder seg også over å kunne spele landskamp i heimfylket.

Eg såg då vi kom med fly inn over fjella her at det var kjempedeilig å kome tilbake. Frisk luft i typisk haustvêr med skarp luft i Møre og Romsdal. Det var godt å vere heime.

Målvakt Cecilie Fiskerstrand kan omtrent sjå heim frå stadion der kampen skal spelast. Ho er frå Langevåg i Sula, på andre sida av Borgundfjorden.

Ja, eg spelar omtrent på heimebane her. Men sjølv om eg har foreldra mine rett her borte, så bur eg saman med laget desse dagane. Men her på dette stadionet har eg både spelt og trent mange, mange gonger.

Cecilie Fiskerstrand

Cecilie Fiskerstrand kan omtrent sjå heim til Langevåg frå stadion i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.