NRK Meny
Normal

Kvinne var valdeleg på fly- blir meld av flyselskapet

Ei kvinne i 60-åra vart aggressiv om bord i eit fly frå Oslo til Molde. Flyselskapet melder no kvinna for den dårlege oppførselen.

Klokka 15 fekk politiet melding om ein vanskeleg og utagerande person på flyplassen i Molde. Ei politipatrulje rykte ut og fekk kontroll på kvinna i 60-årsalderen. Ho hadde kome med eit fly frå Oslo. Kvinna skal ha utøvd vald mot andre passasjerar om bord i flyet og besetninga på veg inn mot Molde.

– Ho tok blant anna tak i ei flyvertinne, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund i Møre og Romsdal politidistrikt. Ingen skal ha blitt skadd i hendinga.

Kvinne verka ikkje rusa og politiet har framstilt henne for legeundersøking.

Flyselskapet Norwegian seier til VG at dei melder hendinga til politiet.

– Vi har nulltoleranse mot dårleg oppførsel om bord og politiet fekk ta hand om henne, seier presseansvarleg Charlotte Holmbergh Jacobsson til NRK.

Ho har ingen detaljar om kva som skjedde om bord, anna enn at kvinna ikkje oppførte seg bra.

– Eg har ikkje forståing av at det var dramatikk om bord. Eg håper at passasjerane har forståing for at når det oppstår uroligheiter, så blir politiet blanda inn, seier Jacobsen.