Hopp til innhold

Kvinne trua og heldt fast: – Eg skalv og vart redd

Politiet rosar kvinna som torde å melde frå trass i trugslar.

Moa

Påkøyrselen skjedde utanfor Moa kjøpesenter torsdag ettermiddag.

Foto: Terje Reite / NRK

Torsdag ettermiddag fekk politiet melding om at ein bil hadde rygga inn i ein annan bil på Moa i Ålesund.

Busra Gømec observerte det heile og bad straks føraren og passasjeren om å legge igjen ein lapp med namn og telefonnummer. Dei nekta, men då Gømec insisterte, skal føraren ha hoppa ut av bilen og teke tak i arma hennar.

– Eg vart sjølvsagt redd og kjente at eg skalv og vart på gråten. Så sa eg; om du ikkje slepp, så skrik eg.

Tok bilde av bilen til vitnet

Den kvinnelege føraren i slutten av 20-åra skal då ha slept arma hennar, men både passasjer og førar skal ha oppført seg aggressivt.

– Dei trua meg og sa at dei skulle ta meg om eg ringde til politiet.

Då Gømec likevel ringde politiet for å melde frå om skaden, tok føraren bilete av bilen til Gømec medan dei ropte etter ho. Etter dette køyrde dei frå staden.

Politiet rosar vitnet

Borge Amdam

Borge Amdam rosar kvinna som melde frå om den trafikkuhellet, trass ho vart trua.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet fekk raskt tak i føraren og bad henne kome tilbake til staden. Det gjorde ho, men klarte å køyre inn i ein ny bil når ho skulle parkere.

– Føraren hadde hatt førarkort i litt over ein månad, men burde ikkje ha hatt det, seier operasjonsleiar i politiet, Borge Amdam.

Førarkortet vart beslaglagt og politiet oppretter sak på trugselen og påkøyringane. Dei har også sikra overvåkningsvideo frå området.

– Eg må rose vitnet som ringde oss å sa ifrå om dette, sjølv om det var ein svært ubehageleg situasjon, seier Amdam.

Han oppmodar folk om å ta kontakt når dei er vitne til trafikkuhell, eller om dei sjølve er uheldige å køyrer på andre sine bilar.

Gømec fortel at ho sjølv har oppleve at andre har forlatt staden etter å ha gjort skade på hennar bil, og at det difor var viktig for henne å melde frå til politiet.

– Det er ei pyton kjensle å måtte betale for noko ein ikkje sjølv har skyld i.