NRK Meny
Normal

Kvinne skal ha sendt 22 millionar til utlandet- sikta for bedrageri

Ei kvinne i 30-åra er varetektsfengsla i fire veker, mistenkt for grovt bedrageri. Den thailandske kvinna busett i Møre og Romsdal, skal ha sendt millionsummar ut av landet.

Det var fredag at kvinna vart pågripen av politiet. Kvinna er sikta for grovt bedrageri og påtalemakta var redd for at ho ville reise til Thailand dersom ho ikkje vart varetektsfengsla.

Kvinna forklarte sjølv i retten at ho først starta ei vanleg forretning der ho skulle selje gull. I 2016 gjekk ho over til investeringsverksemd i ei lukka facebookgruppe. Medlemmane der investerte i selskapet, ifylgje referatet frå tingretten.

Dei fornærma i saka som har meld kvinna til politiet, har alle forklart at dei ikkje har teke imot varer som var betalte på førehand, sjølv om dei har purra i lengre tid. Retten viser til at det i valutaregisteret går fram at kvinna har sendt over 22 millionar kroner til utlandet i perioden januar 2014 til juli 2017. Det er registrert åtte meldingar frå andre politidistrikt i Noreg og ei melding frå Finland.

Forsvararen til kvinna meiner at kvinna har drive ei legitim investeringsverksemd og at det ikkje finst andre bevis mot kvinna enn investorar som ikkje er nøgde.

Retten festa ikkje lit til kvinna si forklaring om at ho har drive investeringsverksemd. Dei skriv at saka er alvorleg sidan den gjeld så høge pengebeløp og at det er grunn til å tru at saka omfattar fleire personar.

Kravet frå aktor om fengsling i inntil fire veker vart tatt til fylgje. Kvinna får også brev og besøksforbod i to veker.