Hopp til innhold

Kvinne skadd på Strandafjellet

Ei kvinne i 30-åra fekk alvorlege skader etter det som blir opplyst å vere ei skiulukke ved Stranda skisenter tysdag, melder Sunnmørsposten. Kvinna blei brakt til Ålesund sjukehus der ho tysdag var til behandling ved intensivavdelinga. Tilstanden til vedkomande er stabil, opplyser Helse Møre og Romsdal. Politiet på Sunnmøre skal ikkje vere orientert om hendinga.

Stranda skisenter
Foto: Stranda skisenter

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL