Hopp til innhold

Kvinne skadd etter frontkollisjon

Ei kvinne er sendt med ambulanse etter ein frontkollisjon ved Furenetunnelen i Ørsta.

Frontkollisjon Ørsta

KOLLISJON: Ulukka fann stad om lag 200 meter frå utløpet til Furenetunnelen i Ørsta.

Foto: Mariela Drabløs Brunstad / NRK

Ei kvinne er henta med ambulanse etter å ha vore fastklemt etter ein frontkollisjon mellom to bilar ved Furenetunnelen i Ørsta kommune. Skadeomfanget er foreløpig ukjend. Sunnmøre politidistrikt melde om ulukka på Twitter klokka 16:44.

Ulukka fann stad om lag 200 meter frå tunnelinnløpet i retning Ørsta og Sunnmøre politidistrikt melder på Twitter at både Morkaåstunnelen og Helgehorntunnelen no er opna att for trafikk, etter å ha vore stengd på grunn av ulukka.

Frontkollisjon ved Furenetunnelen i Ørsta

EIN SKADA: Ei kvinne vart henta i ambulanse etter ulukka i ettermiddag.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Klokka 18:02 melder politiet på Twitter at vegen er heilt open for trafikk.