Kvinne i 70-åra omkom i brann i Molde

Ei kvinne i 70-åra omkom i ein brann i Molde i natt. I tillegg er ein mann i 70-åra frakta til sjukehus.

Brann Molde

BRANN: Ei kvinne i 70-åra omkom i ein brann i Molde natt til fredag.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Politiet seier fredag ettermiddag at det er altfor tidleg å seie noko om brannårsaka.

– I løpet av helga blir sannsynlegvis brannstaden så kald at ein kan starte med dei kriminaltekniske undersøkingane der, seier politiinspektør Knut Meek Corneliussen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet har fredag hatt ei rundspørjing i området.

– Vi ønskjer å komme i kontakt også med andre som eventuelt kan ha opplysingar om brannforløpet i natt, seier Meek Corneliussen.

Fem personar i bygget

Det var like før klokka 02.00 natt til fredag at politiet melde om ein brann i ein tomannsbustad i Molde. Det blei meldt om røyk og flammar på staden.

Det var ifølge politiet fem personar i bygget då det starta å brenne.

– Dei tre i første etasje greidde å kome seg ut på eiga hand og skal vere uskadde, sa Jon Bratland, operasjonsleiar i politiet fredag morgon.

I andre etasje var det to personar i 70-åra.

– Den eine blei henta ut av røykdykkarar frå brannvesenet. Skadeomfanget er så langt ukjent, men det er snakk om brannskader. Den andre personen, ei kvinne i 70-åra omkom, opplyste Bratland.

Skal etterforske vidare

Brannvesenet fekk etter kvart kontroll på brannen og det var ikkje fare for at den skulle spreie seg til andre bygg.

BRANN: Ei kvinne i 70-åra omkom i ein brann i Molde natt til fredag.