Kvinne komen til rette

Kvinna i 30-åra som var sakna i Ålesund er komen til rette. Det vart søndag morgon sett i gang ein leiteaksjon etter henne etter at ho vart meld sakna av vennar. Kvinna vart sist sett på Jugendfest klokka 23.00 laurdag. Klokka 09.30 melde politiet at kvinna er funnen.