NRK Meny
Normal

Jente (17) knivdrepen på asylmottak

Ei ung jente døydde etter å ha blitt knivstukken av ein ung mann på eit asylmottak på Nordmøre.

Asylmottak Sunndal

KNIVSTIKKING: Det var ved dette asylmottaket i Sunndal at den unge jenta vart drepen.

Foto: Ingrid Ellevset, avisa Driva

Politiet fekk melding om at ei jente hadde blitt stukken med kniv fleire gonger ved eit asylmottak i Sunndal klokka 20.38 torsdag kveld.

Knivstikking i Sunndal

Begge dei involverte budde ved mottaket i Sunndal.

Foto: Jan Erik Vangen

Ifølge Jarl Aspen ved operasjonssentralen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt blei jenta angripen av ein ung mann på 18 år som også bur på mottaket. Begge skal vere frå Eritrea.

Kvart på ni fortalde politiet til NRK at dei hadde søkt etter den antekne gjerningsmannen og klart å pågripe han. Politiet jobbar vidare med å etterforske saka.

– Jenta døydde etter skadane, seier han og fortel at dei andre ved mottaket er i sjokk.

Det blei forsøkt å gi jenta livreddande behandling, men klokka 21.55 blei ho bekrefta død.

Asylmottak Sunndal

Asylmottaket har 260 plassar, og har i tillegg ei avdeling for 70 einslege mindreårige.

Foto: Ingrid Ellevset, Driva

– No tar vi hand om dei andre som bur på mottaket gjennom kriseteam og helsepersonell, seier Aspen.

avisa Driva kom til staden rundt klokka 22.00 var politiet i ferd med å sperre av eit område rundt blokka. Det hadde samla seg mange utanfor.

Like før klokka 23 torsdag kveld er det framleis usikkert kva som skal ha skjedd.

– Ein tung situasjon

Ordfører Ståle Refsti

Ordførar i Sunndal, Ståle Refstie, seier at det er sett inn kriseteam for å ta hand om dei råka.

Foto: Gunnar sandvik / nrk

Asylmottaket er kommunalt med 260 plassar, og har også ei avdeling for 70 einslege mindreårige.

Ordføraren Ståle Refstie fortel at dei har kalla inn nødvendig mannskap for å handtere dei som bur ved mottaket. I tillegg er kriseteam kalla inn.

– Det er veldig trasig. Tragisk og vanskeleg for dei som bur og jobbar på mottaket. Det er ein tung situasjon, seier Refstie.

Ordføraren veit ikkje om det har skjedd liknande ting der før, men han seier at politiet har vore involvert i mindre hendingar ved mottaket.

– Små episodar ved eit stort mottak, som har eksistert sidan 1998, vil skje. Men dette er ei ekstrem hending som eg i alle fall ikkje har opplevd før, seier han.

Laster Twitter-innhold