Drapsforsøk og tvungent psykisk helsevern. Det vart dommen for kvinna i 50-åra som i juli i fjor gjekk til angrep på eit familiemedlem i 70-åra.
Den eldre kvinna måtte flykte til naboen for å kome seg unna, og frykta for livet sitt.
Kvinna som vart angripen mista tre dagar seinare livet på sjukehus, men det er ikkje bevist at dødsfallet hadde noko med drapsforsøket å gjere.
Kvinna i 50-åra skal ha teke kvelartak på den eldre kvinna ein eller to gongar i heimen til det eldre familiemedlemmen, i tillegg til å ha sparka henne ned.
Aktor meinte i rettssaka at angrepet stoppa fordi den eldre kvinna kjempa imot, medan forsvararen til den yngre kvinna seier ho slapp av eigen vilje då ho skjønte kva ho heldt på med.
Aktoratet fekk medhald, og kvinna vart dømd til tvungent psykisk helsevern.
Omtalte henne som kannibal
Som del av rettssaka vart lydopptak frå naudetatane spelt av.
Det var den no dømde kvinna som sjølv ringde etter ambulanse då den eldre kvinna hadde stavra seg ut av leilegheita angrepet skjedde i.
Til naudetaten seier kvinna i 50-åra at ho var redd kvinna i 70-åra skulle drepe ho, og at ho var ein kannibal.
Lydopptaket frå telefonsamtalen med naudetatane vart spelt av i retten. Den eldre kvinna fortalde at den yngre kvinna hadde forsøkt å drepe ho og at ho hadde frykta at dette ein dag ville skje.
Foto: Josef Benoni Ness TveitDen yngre kvinna følgde etter den eldre og fekk gjeve henne telefonen, framleis med AMK-sentralen på tråden.
Etter AMK hadde vore litt over ti minutt på telefonen med både kvinna som angreip og kvinna som seinare mista livet, vart politiet varsla om drapsforsøket.
30 minutt etter det att var dei på staden.
Ueinige om forsøk på drap
Ein sentral del av rettssaka i Ålesund tinghus i slutten av januar var spørsmålet om kvinna i 50-åra kunne dømmast for forsøk på drap.
Ho har ei lang historie med psykisk sjukdom, og har tidlegare vore trugande mot mellom anna helsepersonell, ifølgje dokumentasjon lagt fram i retten.
Kvinna forklarte i rettssalen at ho i gjerningsaugneblinken fekk noko over seg at det berre rakna for ho. Ho tok kvelartak på den eldre kvinna og klemde til.
I avhøyr med politiet etter hendinga, hadde ho sagt at ho ville drepe familiemedlemmen. I retten forklarte ho at ho ville gje ho inn, at ho skulle få juling, men ikkje at ho ville drepe nokon.
Torgeir Hovland Langva forsvarte kvinna i 50-åra i retten. Han argumenterte med at kvinna seier ho sjølv slapp taket i den eldre kvinna, og spurde retten om det var sannsynleg at ei kvinne i 70-åra som låg under tiltalte ville klart å kaste henne av seg.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKForsvaret la vekt på kvinna i 50-åra si forklaring av korleis angrepet vart avslutta – at ho innsåg kva ho gjorde og slapp taket.
Aktor på si side meiner ein burde tru på den no avdøde kvinna si forklaring – at ho sparka den yngre kvinna og kjempa imot, noko som førte til at ho slapp taket.
Om nokon frivillig stoppar å angripe nokon kan dei ikkje dømmast for forsøket – uansett om det var eit reelt forsøk.
Difor var det nett dette det var knytt spenning til då retten vart heva i slutten av januar – ville retten tru på kvinna i 50-åra eller den eldre kvinna si forklaring?
Gerd Cathrine Haagensen er bistandsadvokat for eit familiemedlem til båe kvinnene, den dømde og den avdøde. Haagensen seier familien ynskjer ro kring saka, og ynskjer ikkje prate offentleg om hendinga.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKTvungent psykisk helsevern
Kvinna i 50-åra hadde sin første psykose i slutten av 80-talet, då ho var 15–16 år gamal. Frå starten av 90-talet og fram til i dag har ho vore innlagt fleire gonger.
Frå hausten 2021 var ho på tvungent psykisk helsevern. Det vil ho halde fram med, då retten fann at ho ikkje slapp taket om halsen til familiemedlemmen av eigen vilje, men at det var den eldre kvinna sin motstand som gjorde at drapet ikkje vart gjennomført.
Kvinna i 50-åra frå Sunnmøre vert overført til tvungent psykisk helsevern.