Hopp til innhold

Kvinne i 20-åra omkom

Ei kvinne i 20-åra omkom i trafikkulykka på E39 ved Engdalen i Halsa kommune søndag kveld.

Trafikkulykke i Halsa

Ein person er frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim etter møteulykka på E29 ved Engdalen i Halsa

Foto: Kåre Hendset

Politiet fekk melding om ulykka klokka 18.55 søndag kveld.

– Kvinna som omkom var passasjer i den eine bilen, opplyser operasjonsleiar Jan Erik Kjøl til NRK klokka 22.30.

Møteulykke

Totalt tre personar var involverte i kollisjonen mellom dei to bilane, to personar sat i den eine bilen som var på veg mot Trondheim og ein person sat i den andre som var på veg i motsett retning.

Kvinna som omkom er busett i Trondheim, men er frå Sunnmøre.

Dei to andre personane vart sendt til St. Olavs Hospital og skal ikkje vere kritisk skadde, ifølgje politiet.

Var det glatt føre som gjorde at bilane kolliderte?

– Det veit vi ikkje. No får vi hjelp av ulykkesgruppa frå Statens vegvesen for å finne ut kva som har skjedd, seier Kjøl.

Laster Twitter-innhold
Trafikkulykke Halsa