Hopp til innhold

Kvinne funnen død i Molde

Politiet har søndag ettermiddag funne ei død kvinne i sjøkanten på Bolsøya i Molde.

Kvinne funnen død i Molde.

BOLSØYA: Den døde kvinna blei funnen på Bolsøya i Molde.

Foto: Raymond Brunvold

Politiet har i ettermiddag arbeida med taktisk og teknisk etterforsking på staden.

– Den døde kvinna vil bli obdusert for å finne dødsårsaka, opplyser politiet.

Har varsla familien til sakna kvinne

På grunn av omstenda har politiet har samtidig informert familien til pårørande av kvinne (79) som blei meldt sakna 30. desember 2019. Det blei sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter kvinna og 1. nyttårsdag søkte 180 frivillige på land og til sjøs.

– Vi meiner det er rett å vere i dialog med dei pårørande til kvinna, seier Kjell O. Moen, etterforskingsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Han vektlegg at det er for tidleg å seie noko om identiteten til kvinna som har blitt funnen.

– Vidare undersøkingar vil vise om det er den sakna kvinna eller nokon andre, seier Moen.

Etterforskingsleiaren seier at det er uklart kor lang tid det vil ta å stadfeste identifikasjonen til kvinna.

– Vi jobbar med å få avklart det så fort som råd. I tillegg vil vi i løpet av dei første dagane få obdusert ho for å dødsårsak og sikre andre spor, seier Moen.

Etterforskar saka vidare

Det var ein privat person som varsla politiet om funnet. Han har blitt avhøyrd av politiet.

Politiet skal etterforske saka vidare for å finne ut kva det er som har skjedd.

– Det er så langt ikkje mistanke om noko kriminelt, men det er ein av dei tinga vi vil undersøke vidare no, seier Moen.

BOLSØYA: Den døde kvinna blei funnen på Bolsøya i Molde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL