Kvinne forsvann frå sjukehus
Politiet etterlyser ei kvinne i 30-åra som har forsvunne frå Ålesund sjukehus litt etter kl. 15. Ho skal vere om lag 180 centimeter høg, veldig tynn og kledd i blå jakke, dongeribukse og lysebrune sko. Ho bar også på ein Kiwi-pose, ifølge politiet.