NRK Meny
Normal

Kvinne gjekk seg fast i fjellet

Ei kvinne gjekk seg fast i fjellet i tett skodde. Det blei sett i gang ein leiteaksjon. Kvinna er no nede i god behald.

Leiteaksjon Skafjellet

Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps fann kvinna like ved Skafjellet i Hareid.

Foto: Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps

Kvinna hadde gått opp til eit fjellområde som heiter Skafjell på Hareidlandet. Her var det tjukk skodde, regn vind og det blei mørkt og dårleg sikt.

Laster Twitter-innhold

Mannskap frå Røde Kors blei kalla ut for å delta i leitinga. Om lag klokka 18.25 melde politiet at mannskap frå Røde Kors var framme ved kvinna. Ho blei funnen på ein fjelltopp like ved Skafjellet på Hareid.

Kvinna var uskadd, og med hjelp frå Røde Kors kom ho seg ned. Ved 19.30-tida var aksjonen avslutta.

Laster Twitter-innhold

Søndag kveld er det venta mykje nedbør, og det er meldt om lag fem grader på Skafjellet. Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Møre og Romsdal. Lokalt kan det kome mellom 30 - 55 millimeter nedbør på 12 timar.

Laster kart, vennligst vent...