Kvinne fall 80–100 meter ved Romsdalshorn

Ei kvinne i 40-åra er flogen til sjukehus med hovudskadar etter at ho fall 80–100 meter ved fjellet Romsdalshorn i Rauma.

Fjellet Romsdalshorn i Rauma. Torsdag skal ei kvinne ha falle 80–100 meter då ho gjekk på tur i området.

Dei første meldingane frå politiet gjekk ut på at ei kvinne skal ha falle 50–60 meter frå fjellet Romsdalshorn i Rauma.

Politiet presiserer klokka 14.05 at kvinna var på veg opp til Vengetind, eit fjell like ved Romsdalshorn, og at ho har falle 80–100 meter.

Landa i steinur

Den norske kvinna i 40-åra gjekk saman med ein mann, som fekk meld frå om ulykka.

– Dei har streva litt med å finne stien og på eit tidspunkt så ramla kvinna og hadde eit fall på 80–100 meter, seier innsatsleiar Vebjørn Bale.

Akkurat der ulykka skjedde er det litt skrått i terrenget, og kvinna landa i ei steinur på 1000 meters høgd.

Kvinna vart lagt på båre, henta ut ved hjelp av ein luftambulanse og flogen til St. Olavs hospital i Trondheim med hovudskadar. Kvinna var ifølgje Bale bevisst.

– Det var eit lett redningsoppdrag samanlikna med andre alpine oppdrag. Luftambulansen henta henne raskt og greitt ut.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.50.

Laster Twitter-innhold