Hopp til innhold

Kvinne døydde etter å ha blitt påkøyrt av brøytebil

Ei kvinne i 80-åra vart påkøyrt på ein parkeringsplass på Åndalsnes i Romsdal. Ho vart kort tid etter bekrefta omkomen.

ulykke åndalsnes

DØDSULYKKE: Den tragiske ulykka skjedde fredag rundt klokka 15.40.

Foto: Ottar Rydjord

Det seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Tove Anita Asp, til NRK.

Ho opplyser at den eldre kvinna vart påkøyrt av ei anleggsmaskin. Det var tidleg klart at ulykka var svært alvorleg.

Dreiv med snøbrøyting

Anleggsmaskina dreiv med snøbrøyting på ein parkeringsplass ved Vangstun i Åndalsnes sentrum i Romsdal, fortel Tove Anita Asp.

Ulykka skjedde rundt klokka 15.40 fredag.

Heilt ute av seg

Det var ein mann som køyrde brøytebilen. Politiet har ikkje grunn til å tru noko anna enn at det har skjedd eit uhell, men mannen blir tatt med til rutinemessig blodprøve.

– Han er heilt ute av seg, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp.

Åndalsnes