Hopp til innhold

Kvinne alvorleg skadd i utforkøyring

Ei kvinne er send til St. Olavs hospital i Trondheim etter ei utforkøyring i Strandadalen på Sunnmøre. Bilen hamna i eit tjern og kvinna sat fast i bilen.

Trafikkulukke Stranda

Det var ein periode uklart om kvinna var åleine i bilen. Dykkarar blei sendt ned i vatnet for å undersøke. Seinare på natta var det klart at det ikkje var fleire involverte i ulukka.

Foto: Randi Ansok / Nyss

Politiet fekk melding om ulukka om lag klokka 23.48 onsdag kveld. Førebels veit ikkje politiet kor lang tid det gjekk frå ulukka skjedde til utforkøyringa blei oppdaga.

– Det var ein forbipasserande som oppdaga ulukka. Han melde frå til politiet og kunne fortelje at han såg ein bil som låg i vatnet ikkje langt frå hovudvegen. Då naudetatane kom fram fekk vi berga ei kvinne. Bilen låg delvis under vatn og kvinna sat fast i bilen, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Sindre Molnes til NRK.

Frakta til St. Olavs hospital

Etter at kvinna blei berga ut av bilen blei det sett i verk livreddande tiltak på staden. Kvinna blei så frakta til St. Olavs hospital i Trondheim.

Kriminalteknikarar frå politiet er på staden for å finne årsaka til utforkøyringa. Det er også Statens vegvesen si ulukkesgruppe.

– Vi kan førebels ikkje seie noko om det er spor i området som kan seie noko om forløpet og årsaka til ulukka. Det er det vi forsøkjer å kartlegge no, seier Molnes.

Ulukka skjedde i Strandadalen i eit tjern nær Herdalsvatnet.

Avhøyrer vitne

Politiet kjem også til å avhøyre vitnet som melde frå om ulukka. Det var ein periode uvisst om kvinna var åleine i bilen. Dykkarar blei sende ned i vatnet for å undersøkje. Ut på natta fekk politiet stadfesta at kvinna var åleine i bilen då ulukka skjedde.

Vegen i Strandadalen, ved Røbbane mellom Stranda og Hellesylt har vore open i eitt køyrefelt gjennom natta.

Politiet kan heller ikkje opplyse meir om tilstanden til kvinna.

– Vi kjenner ikkje til graden i alvoret i skadane. Men vi ser på dette som ei alvorleg ulukke, seier operasjonsleiar Sindre Molnes.