Hopp til innhold

Kvernberget auka mest

Kristiansund Lufthamn Kvernberget var den flyplassen i fylket med størst auke i passasjertrafikken i februar. Trafikken auka med16,4 prosent. Ålesund hadde også ein oppgang og landa på ein auke på 4,3 prosent. Ørsta/Volda Hovden hadde ein nedgang på 3,3 prosent. Også Molde hadde ein nedgang. 5,2 prosent færre passasjerar reiste til og frå Molde i februar.