Folk, folk på nettet der - kven er vakrast i landet her?
12 bruer kan vinne
Det spørsmålet stiller
, på vegne av dei mange bruene her til lands.Denne sommaren har dei sett seg føre å kåre den vakraste brua i Noreg.
No står det mellom 12 bruer, og heile tre av dei er i Møre og Romsdal.
Gjemnessundbrua
VAKRAST? Gjemnessundbrua.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKGjemnessundbrua er ei hengebru, som vart opna i 1992. Brua er 1257 meter lang, og er ein del av Krifastsambandet.
Storseisundet bru
Storeseisundet bru er den lengste av dei åtte bruene på Atlanterhavsvegen. Den vart opna i 1989 og er 260 meter lang.
Straumsbrua
VAKRAST? Straumsbrua. (Lesarbilete)
Foto: Jostein OpskarStraumsbrua er 290 meter lang, og stod klar i 2004. Den erstatta då dei gamle Skodjebruene.
Kva tenkjer du? Avstemminga er slutt, men legg gjerne igjen ein kommentar under artikkelen.
Teknisk ukeblad skal offentleggjere vinnaren neste veke.