Hopp til innhold

Desse har løysinga for dei som sluttar på skulen

Kvar tredje elev fell ut av vidaregåande – no kjem eit alternativt opplæringsløp for desse ungdommane.

Hver tredje elev som starter i videregående opplæring slutter.

Her er fleire av aktørane i prosjektet «I UNG» som var samla på Astero Molde tysdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sigurd Hungnes og Kenneth André Hersel Rathe

Eleven Kenneth André Hersel Rathe meiner at tilbodet «I UNG» kan hjelpe mange som fell utanfor.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Sigurd Hungnes og Kenneth André Hersel Rathe

Læraren Sigurd Hungnes seier at det er ein god måte å fange opp elevar som treng praktiske alternativ til opplæring.

Foto: Picasa / NRK

Prosjektet «I UNG» har som mål at ungdom mellom 16 og 21 år som fell ut av vidaregåande skule skal kunne fullføre vidaregåande opplæring gjennom eit alternativt opplæringsløp. Eller at dei skal få seg lønna arbeid etter å ha deltatt i «I UNG».

Prosjektet «I UNG» vert utvida til heile fylket etter at Regionalt forskingsfond støttar det med 2,1 million kroner.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, attføringsbedrifta Astero i Molde og lokalt næringsliv. No skal også andre attføringsbedrifter i fylket vere med frå komande skuleår.

– Positiv endring

Kenneth André Hersel Rathe er ein av dei heldige ungdommane som har fått eit alternativ til den tradisjonelle vidaregåande skulen. Han seier at det har vore ei positiv endring i livet hans.

– Det er ei positiv endring i kvardagen fordi ein kjenner at ein vert tatt på alvor. Ein får eit samhald med dei andre i gruppa på same tid som vi får individuelle opplegg, seier Rathe.

Rathe held for tida på med øving til privatisteksamen innan dreiing, fresing og sveising. Han er veldig positiv til prosjektet.

– Enkeltpersonar vert tatt meir på alvor, vi vert følgt opp individuelt og vi får eige opplæringsløp. Enkelte fokuserer på praktiske oppgåver, medan andre konsentrerer seg om teori. Alle får dekt sine behov, og det gjer at vi kjenner ein meistringsfølelse i kvardagen, seier Rathe.

– Gylden sjanse for ungdommar

Sigurd Hungnes, hovudlæraren på kurset, seier at det er ein god måte å fange opp elevar som treng praktiske alternativ.

– Skulen er veldig teoretisk. Difor trur eg at dette er ein gylden sjanse for dei elevane som vil ha praktiske alternativ, seier Hungnes.

Læraren ser at dette fungerer – og at elevane ikkje er problemet.

– Det er fantastiske ungdommar, og det er ikkje ungdommane som er problemet. Det er heller systemet som står ovafor ei utfordring. Vi ser store ressursar og kvalifikasjonar i desse ungdommane som ikkje vert sett på same måten i den vanlege vidaregåande skulen, seier læraren.

– Arbeidsgjevarar seier at våre elevar er dei beste

Hungnes fortel at i «I UNG» har dei andre alternativ til å teste ut forskjellige arbeidsmetodar. Det unike er også at læraren er med elevane ut i arbeid. Erfaringsmessig får elevane arbeid innan det dei ønskjer, og tilbakemeldingane frå arbeidsgjevarane er veldig positive.

– Vi sender ikkje ut elevane ut i ei ekstern bedrift med det same, men vi står å jobbar saman, og evaluerer arbeidet heile vegen. Desse ungdommane får absolutt jobb i framtida, seier Hungnes.

Sparar ressursar

Rune Solenes Opstad

Rune Solenes Opstad, assisterande fylkesutdanningssjef, seier at dette prosjektet kan vere med på å spare ressursar i samfunnet.

– Vi treng å få folk gjennom vidaregåande opplæring fordi då lukkast dei betre i livet. Vi sparar samfunnsressursar ved å få elevane gjennom den vidaregåande opplæringa, og vi har eit næringsliv som treng desse flinke elevane. Difor er dette tilbodet strålande, seier Opstad.

Han meiner at det er ikkje alle som passar inn i A4-rolla som finst i den vidaregåande skulen. Han seier at det er viktig å følgje opp dei som fell utanfor.

Finne motivasjon

Magnhild Solli Sorthe i Astero håper at den kombinasjonen som dei har med praksis innan forskjellige yrkesområde, individuell rettleiing og motivasjonsaktivitetar vil hjelpe elevane til å finne arbeid.

– Vi vil at dei skal finne den indre motivasjonen til å arbeide, og at dei skal finne vidare arbeid, seier Sorthe.

Møreforsking skal vere med å skaffe kunnskap om målgruppa. Dei skal finne årsaka til at elevane sluttar i vidaregåande skule og finne ut kva ungdommane ønskjer seg vidare i eit utdanningsløp. Møreforsking skal kartleggje effekten av «I UNG»-prosjektet og studere ungdommane sin oppleving av tiltaka.