Hopp til innhold

Unge vil endre måten vi behandlar søppelet vårt på

Espen Mikkelborg Larsen (31) samla over 90 unge i avfallsbransjen i heile landet for å diskutere løysingar. Dei vil redde klimaet ved å vere søppelsmarte.

Espen Mikkelborg Larsen jobbar i Årim i Ålesund.

UNG: Espen Mikkelborg Larsen har ein master i fornybar energi. No jobbar han med å finne ut korleis søppel kan bli ein ressurs.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er kaldt i lufta, men sola skin på Bingsa miljøstasjon i Ålesund. Her kjem folk å leverer alt skrotet dei ikkje vil ha; ei gamal dør, ein øydelagt flatskjerm, eller ein Stressless som har sett sine betre dagar.

Der mange ser søppel, ser Espen Mikkelborg Larsen eit hav av moglegheiter. Han jobbar på Årim som handterer søppel i Ålesundsregionen.

– Søppel har gått frå å vere eit problem vi grov ned i bakken til å bli ein ressurs som vi skal ta vare på, seier Larsen.

For kva som skjer med det vi kastar ser ut til bli ein ettertrakta arbeidsplass for dei unge.

– Avfallsbransjen representerer eit området der ein påverkar klimaet, ved å handtere søppelet på den måten vi gjer. Til dømes plast, det kan vi bruke om att ni gongar om vi gjer det på riktig måte. Her får vi resultat ganske raskt.

Espen Mikkelborg Larsen med EPS, ein type isopor ein før ikkje klarte å gjenvinne, men som dei no sender til gjennvinning.

ISOPOR: Denne typen isopor blir kalla gniks. Før vart dette kasta, men no hentar ei lokal plastbedrift isoporen og brukar det om att.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Samla dei unge i bransjen

For Espen starta det med ein sommarjobb i Oslo kommune, der han jobba med søppel. Denne jobben fekk han gjennom bransjeorganisasjonen Avfall Norge, som har eit program dei kallar REdu.

Etter dette hadde han eit samarbeid med kommunen, Avfall Norge og universitetet NMBU om mastergraden han tok i fornybar energi.

– Mastergraden min handla om kva for faktorar som påverka kor flinke folk var til å sortere søppelet sitt. Det eg lærte brukar eg nesten kvar dag, seier Larsen.

Dette gav han jobb i Årim. Som fersk i jobben sakna Espen å snakke med andre unge som var i same båt som han. Gjennom Avfall Norge har han no samla nesten 90 unge som jobbar i avfallsbransjen.

Denne gruppa diskuterer korleis dei skal utfordre normer i avfallsbransjen.

– Dei vaksne er flinke, men dei unge kjem gjerne med ei anna type utdanning og haldningar. Å kombinere desse miljøa er viktig. Men då må vi samle dei unge for å dele erfaringar.

Espen Mikkelborg Larsen med elektronisk avfall. Denne typen avfall er vanskeleg å gjenvinne.

ELEKTRONIKK: Espen Mikkelborg Larsen trur Espen trur mange no søkjer seg til denne bransjen fordi dei kan vere med på å gjere ein forskjell for miljøet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

900 søkjarar til søppelsommarjobbar

Kvart år lyser Avfall Norge ut sommarjobbar i avfalls- og attvinningsbransjen. Til vanleg ligg søkjartalet på rundt 100, i år var det over 900 som søkte. Ekstremt gode tal, meiner Avfall Norge.

– Eg trur folk har skjønt at det er behov for fleire som kan tenke kreativt med kva vi gjer med søppelet vårt, seier Anna Fagerheim i Avfall Norge.

Ho peiker på at talet på søkjarar også kan vere knytt opp mot pandemien, fordi det er færre sommarjobbar ute, men trur også ein jobb knytt opp mot klimautfordringane er attraktiv.

Anna Fagerheim i Avfall Norge.

AVFALL NORGE: Anna Fagerheim kom sjølv inn i avfallsbransjen gjennom REdu. No jobbar ho i Avfall Norge.

Foto: Avfall Norge

– Vi trur det er fleire studentar som ønsker å jobbe med berekraft og sirkulær økonomi. Og det får dei gjere i praksis i avfallsbransjen, seier Fagerheim.