Hopp til innhold

Kvar fjerde bedrift braut reglane

Ei bedrift i Molde gav sommarvikarar mat i staden for lønn. – Heilt uakseptabelt, seier sommarpatruljen til LO.

Sommarpatruljen til LO, i Molde

LO sin sommarpatrulje hevdar at tilsette ved ei bedrift i Molde har fått mat i staden for løn.

Foto: LOs sommerpatrulje

LOs sommarpatrulje har vore på vegane i Møre og Romsdal den siste veka, og besøkt heile 339 ulike bedrifter.

Det verste tilfellet fant dei i Molde. Der skal dei tilsette ha fått mat i staden for løn.

– Her i landet har vi inga minsteløn. Men eit arbeidsforhold skal lønast i kroner og øre, seier sommarpatruljen til LO.

– Det er heilt uakseptabelt, meiner LOs sommarpatrulje, som har varsla Arbeidstilsynet om saka.

– Kvar fjerde bedrift braut reglane

Så langt har LOs sommarpatrulje besøkt 339 bedrifter i Møre og Romsdal. Brota dei har funne så langt er stort sett basert på manglande arbeidskontraktar, overtidsreglar og rettar til pause.

Kent Logan Jelle

Kent Logan Jelle fortel at sommarpatruljen til LO har avdekt ein rekke dårlege arbeidsforhold i Møre og Romsdal.

Foto: Privat

Til no har patruljen funnet brot ved kvar fjerde bedrift i Møre og Romsdal.

– Sjølv om fleirtalet av bedriftene har alt på stell, så er eg svært misnøgd med funna vi har gjort under den første veka av LOs Sommarpatrulje på Nord-Vestlandet, seier fagleg ungdomssekretær i LO, Kent Logan Jelle.

Fredag var dei på besøk i Fræna, Vestnes og Molde.

I Fræna kom dei til ei bedrift der det var 13 tilsette utan arbeidskontrakt. Og i Molde fekk altså arbeidstakarar mat i staden for løn.

– Texas-tilstandar

– Det byrjar å likne på Texas-tilstandar i Romsdal, seier Jelle.

Han meiner det er grunnleggande i alle arbeidsforhold å ha skriftlege arbeidsavtalar. Om ein ikkje har ein avtale blir det ord mot ord.

– Ting forandrar seg raskt over tid, og nesten alltid i disfavør av arbeidstakaren, seier LO-mannen.

Sunnmøre står for tur

Sommarpatruljen i Møre og Romsdal reiser no vidare til Sunnmøre, der dei skal besøke bedrifter i veka som kjem. Allereie søndag var dei innom ein rekkje bedrifter i Ulsteinvik.

– Kveldens rapport viser blant anna manglande overtidsbetaling og arbeidskontraktar, samt at fleire ikkje får moglegheita til å ta pause i løpet av arbeidsdagen, fortel Jelle.