Hopp til innhold

Facebook åtvarar mot sterke scener i kvalvideo

Bileta av kval som vert skotne og foster som blir tatt ut av buken på kvalen, vekker sterke reaksjonar hos enkelte. Facebook har vald å åtvare mot sterkt innhald.

Mesteparten av all vågekval som blir fanga av norske kvalfangarar er ho-kval. Og dei aller fleste har foster i magen. Miljøorganisasjonen Greenpeace karakteriserer situasjonen som vanvittig.

Her er eit kvalfoster nettopp henta ut av ein skoten kval på dekket av kvalfangstskuta «Kato».

I dokumentaren «Slaget om kvalen» som vart vist på NRK denne veka, kjem det fram at 90 prosent av all kval som blir fanga i norske havområde er hokval og dei aller fleste er drektige.

Filmteamet er med kvalfangstskuta «Kato» når dei skyt vågekval utanfor Bjørnøya i Barentshavet. Når kvalfangarane flensar kvalen tar dei også ut det døde fosteret.

NRK har publisert akkurat denne sekvensen på Facebook. No svarer Facebook med å åtvare sjåarane om at dette er sterkt innhald. «Denne videoen har grovt innhald som kan sjokkere, fornærme og gjere folk ukomfortable», står det på plakaten i starten av videoen.

skjermdump av kvalvideo

Denne åtvaringa har Facebook vald å merke kvalvideoen med.

Foto: skjermdump

Kritikk for sensur

Rune Håkonsen jobbar som strategisk rådgjevar for sosiale medium i NRK. Han seier at det er uvanleg med slik merking, rett og slett sidan dette er ein ny funksjon Facebook rullar ut.

– Før hadde Facebook kanskje fjerna denne videoen. No har dei vald å merke den i staden, seier Håkonsen.

Facebook har tidlegare blitt kritisert for å sensurere bilete. Det vakte sterke reaksjonar då det ikoniske krigsbilete av ei ni år gamal naken jente som flykta frå napalmbomber under Vietnamkrigen vart sletta. Bilete var i strid med Facebook sine retningsliner.

Internasjonalt publikum

Rune Håkonsen - Filmpolitiet

Rune Håkonsen seier at det er uvanleg med slik merking av videoar fordi det er ein ny funksjon hos Facebook.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

Etter debatten om napalmjenta har Facebook vore i dialog med medieaktørar for å finne ei løysing for å unngå slike situasjonar i framtida.

– Det er noko innhald som er viktig, sjølv om det kanskje er ubehageleg å sjå på, seier Håkonsen. Facebook har globale retningsliner og det betyr at bilete som kanskje ikkje verkar støytande på nordmenn, kan oppfattast slik i andre land. Kvalfangst er eit typisk eksempel på det.

– Facebook vel heller å åtvare eit internasjonalt publikum om det som kjem, heller enn å fjerne videoen, seier Håkonsen. Han ser ikkje bort frå at merkinga gjer at fleire blir nysgjerrige på videoen og vel å sjå den.

NRK har ikkje lykkas i å få ein kommentar frå Facebook Norge.