Hopp til innhold

Endeleg kom ferja til Ona

I dag la den nye bilferja Kvaløy endeleg til kai på Ona. Ferja har gått gjennom store ombyggingar for å få det til.

Kvaløy

Tre månader etter at ferja Kvaløy skulle gå i rute til Ona, er ho endeleg på plass.

Foto: Marianne Eliassen

Kvaløy

Det har vore store problem med den nye bilferja Kvaløy, men i dag kom den til Ona

Foto: Marianne Eliassen
Folk venta spent på ferja Kvaløy

På Ona var folk spent på om ferja klarte å legge til kai.

Foto: Marianne Eliassen
Bjørn Laksforsmo, adm dir i Torghatten Nord

Bjørn Laksforsmo, administrerande direktør i Torghatten Nord er letta i dag.

Foto: Torghatten Nord

Øya Ona har vore utan ferje i tre månader, men i dag vert Kvaløy sett inn i sambandet att.

Strålande nøgd

– Det var så herleg å sjå ferja som kom og la til. Vi er innmari nøgde, seier Marianne Eliassen, som er ein av innbyggjarane på øya. For henne betyr det at ho får med bilen når ho skal ut og reise. Og det skal ho gjere i dag.

LES OGSÅ:

Nyferja Kvaløy som alle gledde seg til skulle kome, gjekk berre nokre få turar den første dagen, før reiarlaget såg at det var altfor vanskeleg å legge til kai ved Ona. I staden vart det sett inn hurtigbåt, og bebuarane på øya, fekk dermed ikkje med seg bilane.

Bygt om ferja

No har ferja vorte bygt om for å betre styringeeigeskapane.

I tillegg skal to grunner i innseglinga sprengjast bort etter påske, for å gjere tilkomsten til ferjeleiet breiare.

Tålmodige

– No har vi venta lenge. Det har vore trasig, for livet vi var vant med vart heilt annleis utan ferje, seier Oddgeir Viken, leiar i Husøy vel. Også han er glad for å få tilbake ferjesambandet.

Reiarlaget er letta

Reiarlaget Torghatten Nord er letta over at den vanskelege situasjonen no er løyst.

– Eg har vore veldig lei meg på vegner av folket i Ona, og i dag er vi letta over at ferja er på plass, seier administrerande direktør Bjørn Laksforsmo. Han skulle gjerne vore forutan alle desse ferjeproblema, men håper at Ona-væringane har sett at reiarlaget har vore villig til å gjere alt for å rydde opp.

Torghatten Nord veit framleis ikkje om dei får bøter av fylkeskommunen.