Hopp til innhold

Kvalfangar fekk heiderspris for unik smak

Stiftinga «Matmerk» har gitt «Heidersprisen for unik smak i Norge 2016» til Myklebust Hvalprodukter på Romsdalskysten. 30 norske matprodusentar konkurrerte om tittelen.

Myklebust Hvalprodukter

Ole Mindor Myklebust, dagleg leiar i Myklebust Hvalprodukter mottok prisen frå Nina Sundquist i Matmerk.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er det lettrøykte kvalkjøtet frå Myklebust Hvalprodukter som fall i smak hos fagjuryen, som blir leia av tidlegare stortingsrepresentant Lars Sponheim.

– Det lettrøykte kvalkjøtet har ein fin balanse i lukt og smak, og det er så mørt at det nesten smeltar på tunga, sa administrerande direktør i Matmerk, Nina Sundquist, då ho delte ut prisen under Den Norske Matfestivalen i Ålesund onsdag.

Sundquist sa at det var morsomt at noko så tradisjonsrikt som kvalkjøt får eit heidersteikn for unik smak. For heidersmerket heng høgt.

Det er ikkje lett å få dette heidersmerket. Men Myklebust Hvalprodukter har dokumentert at dei har ei unik råvare. Bedrifta har også ein heilt spesiell foredlingsprosess. Og familiebedrifta har ei historie som strekkjer seg tilbake til 1912, sa Sundquist.

I produksjonen av det lettrøykte kvalkjøtet vert ferdig krydra kjøtbitar frå kval lagt i ein sjølvkonstruert røykomn. Røykomnen vert fyrt med tremjøl av bøk som dannar den milde røyksmaken. Omnen er laga slik at han kan flyttast utandørs der røykinga går føre seg.

«Matmerk» er ei uavhengig stifting som skal medverke til auka mangfald, kvalitet og verdiskaping i norsk matproduksjon. Målet er å auke omdømet til norske matprodukt hjå norske forbrukarar. Stiftinga blei oppretta av Landbruks- og matdepartementet i 2007.

– Kvalkjøt er eit flott, norsk og spennande produkt, og vi tykkjer det er kjempebra at Myklebust vidareutviklar kval, sa Nina Sundquist.

Myklebust Hvalprodukter har opprinnelsen frå fiskebåtreiarlaget Kato AS, som bestefar til dei noverande eigarane starta i 1912. I dag er det brørne Ole Mindor, Karsten og Dag Myklebust som driv reiarlaget.

– Vi er veldig stolte. Denne heidersprisen vil bety mykje for å gjere kvalkjøt meir kjent, og vi vonar at fleire vil byrje å ete kvalkjøt, seier Ole Mindor Myklebust, dagleg leiar i Myklebust Hvalprodukter.