Hopp til innhold
Quiz

Kva veit du om norske proffar i England?

Mange nordmenn har prøvd lukka i engelsk fotball. Nokre har gjort det med hell. Andre er kanskje ukjende for mange. I denne quizen kan du teste kva du veit om norske proffar i England.

Fjørtoft

Jan Åge Fjørtoft er ein av mange norske proffar i England, sidan den første vart signert i 1981. Her ser vi Fjørtoft etter ei scoring for Swindon Town mot Coventry City i 1994.

Foto: CALYX PHOTO NEWS / NTB scanpix

1/15 Tore André Flo

Flo
Foto: IAN WALDIE / REUTERS

Kva engelsk toppklubb henta Tore André Flo frå Brann i 1997?

2/15 Jostein Flo

Fotball-VM i Frankrike
Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Då Tore André Flo flytta til England i 1997 hadde storebror Jostein allereie lagt bak seg eit opphald i engelsk fotball. Kva klubb representerte Jostein Flo mellom 1993 og 1996?

3/15 «Leo»

Oyvind Leonhardsen
Foto: DAN CHUNG / REUTERS

Nordmøringen Øyvind «Leo» Leonhardsen spelte for fire forskjellige toppklubbar i England. Men kva for ein av klubbane spelte han flest seriekampar for?

4/15 Nordmenn i Wimbledon

Drillo i Wimbledon
Foto: Espen Hartvig / NTB scanpix

Med norske eigarar (Røkke og Gjelsten) og ein periode også norsk manager (Drillo) var det kanskje ikkje så rart at ei rekkje nordmenn hamna i Wimbledon på slutten av 90-talet og tidleg på 00-talet. Kven av desse spelte derimot ikkje for Wimbledon?

5/15 Huseklepp

Erik Huseklepp
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Erik Huseklepp er nok mest kjent frå tida si i Brann. Men kva engelsk klubb signerte han for i 2011?

6/15 Førstemann ut

Kven var den første nordmannen som vart profesjonell i England?

7/15 Maren Mjelde

Trening søndag - EM fotball kvinner
Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Kven henta Maren Mjelde frå Avaldsnes IL i 2016?

8/15 I Grimsby

Kven spelte 10 kampar for Grimsby i sesongen 2000-2001?

9/15 Thorstvedt

Thorstvedt
Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Kva klubb representerte den mangeårige landslagskeeperen Erik Thorstvedt mellom 1989 og 1995?

10/15 Flest kampar

Kven av desse fekk flest offisielle a-lagskampar for sin eller sine klubbar i England?

11/15 Første seriemeister

Kven var den første nordmannen som vann Premier League?

12/15 Hegerberg

Britain Women's Soccer
Foto: Adam Davy / AP

For kva engelsk klubb har Andrine Stolsmo Hegerberg spelt?

13/15 Stoke

Kven av desse har spelt for Stoke City?

14/15 Hansen som proff i England

Vegard Hansen
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Dei fleste kjenner i dag Vegard Hansen som trenar i Mjøndalen, som komande sesong skal spele i Eliteserien. For kva engelsk klubb spelte Hansen mellom 1994 og 1996?

15/15 Første hat-trick

Kva for ein nordmann vart den første som scora hat-trick i Premier League?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL