Hopp til innhold
Quiz

Kva veit du om norske friidrettsprofilar?

Norsk friidrett er i vinden som aldri før, med fleire utøvarar som markerer seg på eit høgt internasjonalt nivå. Men kva veit du eigentleg om noverande og tidlegare norske friidrettsprofilar?

LKFTVX20180712213303PCRJ Ingebrigtsen sølv

PROFIL: Jakob Ingebrigstsen er ein av fleire norske profilar i norsk friidrett i dag.

Foto: Kalle Parkkinen/ Lehtikuva / NTB scanpix

1/12 VM-gull i 2017

VM i friidrett i London 2017
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

På kva øving vart Karsten Warholm verdsmeister i London i 2017?

2/12 Ingebrigtsen-gull

Team Ingebrigtsen
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Kven av brørne Ingebrigtsen vart europameister både på 1500 meter og 5000 meter under EM i 2018?

3/12 Hinder

Kva for ein norsk utøvar tok bronse på 3000 meter hinder under EM i 2018?

4/12 Ndure

Ndure under konkurranse i Sveits
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Jaysuma Saidy Ndure var i mange år Norges raskaste mann, men tok han nokon gong medalje i EM eller VM?

5/12 Angelsen

Tonje Angelsen
Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Kva øving har Tonje Angelsen vore Norges beste i gjennom fleire år?

6/12 Verdsmeister mange gonger

Denne norske friidrettsprofilen har mellom anna VM-gull og EM-gull på 10 000 meter, VM-bronse på 3000 meter og EM-bronse på maraton, i tillegg til VM-gull i terrengløp og gateløp. Kven snakkar vi om?

7/12 Thorkildsen

OLYMPIC GAMES BEIJING 2008
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Andreas Thorkildsen vart mellom anna olympisk meister to gonger, men i kva?

8/12 Tidenes første

Tidenes første verdsmeister i friidrett var norsk. Det skjedde i 1983. Kven snakkar vi om?

9/12 Bislett Games

Friidrett, Diamond League, Bislett Games 2018, Bislett Stadion
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Kven er stemnedirektør for Bislett Games?

10/12 Rodal

Vebjørn Rodal
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Mange held Vebjørn Rodal sitt OL-gull på 800 meter som tidenes største norske idrettsprestasjon. Men kva år vart Rodal olympisk meister?

11/12 Pedersen

Friidrett, Diamond League, Bislett Games 2018, Bislett Stadion
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

I kva øving har Isabelle Pedersen gjort det sterkt?

12/12 Trine Hattestad

Trine Hattestad
Foto: OLIVIER MORIN / EPA

I kva øving vart Trine Hattestad olympisk meister i Sydney i 2000?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.