Quiz

Kva veit du om norske forfattarar?

Med kalde temperaturar ute er vinteren ei fin tid for å lese bøker. Her kan du teste kva du veit om norske forfattarar, både avdøde og nolevande.

Halvbroren2

Lars Saabye Christensen er ein av dei mest populære forfattarane i Norge i nyare tid.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

1/12 Frå Sandefjord

Kva heiter forfattaren frå Sandefjord som har hatt suksess med romanar som «Arild Asnes, 1970», «Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land» og «T. Singer»?

2/12 Nobelprisvinnar

Kva for ein norsk forfattar fekk Nobelprisen i 1928, og er spesielt kjent for trilogien om Kristin Lavransdatter?

3/12 Krimforfattar

Kva for ein tidlegare journalist debuterte som forfattar i 2002, og har mellom anna gitt ut krimromanar som «Mormor danset i regnet» og «Jenta som sluttet å snakke»?

4/12 Bok om band

Lars Saabye Christensen
Foto: Olav Døvik / NRK

Lars Saabye Christensen slo gjennom som forfattar med ein roman med same tittel som eit kjent britisk band. Kven snakkar vi om?

5/12 Allsidig forfattar

Kva for ein forfattar som døydde i 2018 skreiv ein serie på seks bøker om norske krigsseglarar, i tillegg til å ha gitt ut fem bøker om fotball-VM saman med Dag Solstad?

6/12 Frode Grytten

Frode Grytten
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

I fleire av romanane og novellene til Frode Grytten tek han utgangspunkt i sin eigen heimstad. Men kvar er han frå?

7/12 Ragde

Anne B. Ragde på Svalbard
Foto: Siss Vik / NRK

Kva for ein av desse prisane vann Anne B. Ragde i 2006?

8/12 Elling

Filmen Elling
Foto: Borgen, Ørn E. / NTB scanpix

Kven skreiv dei fire bøkene om Elling, som også enda i tre spelefilmar som kom mellom 2001 og 2005?

9/12 I regjering

Anne Holt
Foto: Ole Gunnar Onsøien / NTB scanpix

Anne Holt er kanskje mest kjent som krimforfattar, men kva var ho statsråd for i Thorbjørn Jagland si regjering i 1996 og 1997?

10/12 Nordisk råds litteraturpris

Kven var den siste nordmannen som vann Nordisk råds litteraturpris?

11/12 Knausgård

Knausen
Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Karl Ove Knausgård gjorde knallsuksess med dei seks binda i «Min kamp»-serien. Men i kva to byar vaks Knausgård opp?

12/12 Knut Hamsun

Knut Hamsun
Foto: Nasjonalbiblioteket

Mange held Knut Hamsun som tidenes beste norske forfattar. Han vann Nobelprisen i litteratur i 1920, og har skrive bøker som «Pan», «Sult» og «Markens grøde». Men kva heitte den aller siste boka til Hamsun, som han gav ut som 90-åring i 1949?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.