Hopp til innhold
Quiz

Kva veit du om krim?

Mange meiner at krim og påske høyrer tett saman, anten du les, høyrer eller ser dei spennande forteljingane. Men kva veit du eigentleg om denne sjangeren?

Sherlock Holmes

SHERLOCK: Romanfiguren Sherlock Holmes såg dagens lys på trykk allereie i 1887. Sidan har det blitt gitt ut fire romanar og 56 noveller om den britiske meisterdetektiven, i tillegg til hundrevis av filmar.

Foto: AP Photo/Keystone Photopress, Alessandro Della Bella / Scanpix/AP

1/14 Harry Hole

Så langt har det blitt gitt ut elleve bøker om privatetterforskaren Harry Hole. Kven har skrive bøkene?

2/14 Poirot

David Suchet som Hercule Poirot
Foto: ITV

Mange hugsar kanskje den populære TV-serien om den belgiske privatdetektiven Hercule Poirot, som vart vist på TV mellom 1989 og 2003. Men kven skapte figuren Poirot?

3/14 Kriminalsjef Foyle

foyle, kriminalsjef
Foto: © ELEVENTH HOUR AND ALL3MEDIA INT.

Du har kanskje sett krimserien «Kriminalsjef Foyle» på TV. Serien tek oss med tilbake til andre verdskrig. Men i kva land skjer handlinga i «Kriminalsjef Foyle»?

4/14 Staalesen

Gunnar Staalesen
Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Gunnar Staalesen frå Bergen har skrive 19 krimbøker og fleire noveller om ein privatetterforskar med alkoholproblem. Kva heiter denne detektiven?

5/14 Lesbisk politibetjent

Anne Holt
Foto: Ole Gunnar Onsøien / NTB scanpix

Kva heiter den lesbiske politibetjenten Anne Holt har skrive ei rekkje bøker om?

6/14 Thygesen

Kven har skrive krimbøkene med Wilhelm Thygesen i hovudrolla?

7/14 Pris

Unni Lindell
Foto: Simon Skjelbostad Yset/NRK

Nyleg vann Unni Lindell ein pris (biletet) for krimromanen «Dronen». Som bevis fekk ho ein revolver. Men kva heiter prisen?

8/14 Wisting

Vedkomande som har skrive bøkene om William Wisting har sjølv jobba i politiet. Kva heiter han?

9/14 Frank og Joe

Kva er etternamna til dei to detektivbrørne Frank og Joe, som vi kjenner frå 110 bøker som har kome ut i Norge – og som har gleda mange yngre lesarar?

10/14 Nancy Drew

Nancy Drew - Frøken Detektiv
Foto: - / Melinda Sue Gordon

Under kva namn er Nancy Drew betre kjent som?

11/14 Assistenten til Holmes

Sherlock Special
Foto: Robert Viglasky / BBC

Kva heiter assistenten til Sherlock Holmes?

12/14 God aften, mitt navn er…

NRK Radio sende i mange år eit populært krimhøyrespel med eit namn som starta med «God aften, mitt navn er…». Kva er namnet som manglar?

13/14 De dødes tjern

De dødes tjern
Foto: NTB scanpix

Mange hugsar kanskje filmen «De dødes tjern» med mellom andre Henki Kolstad og Henny Moan i sentrale roller. Men kven skreiv romanen «De dødes tjern»?

14/14 Mankell

Svenske Henning Mankell (1948-2015) skreiv fleire bøker om ein politietterforskar frå Ystad i Skåne. Kva heiter denne etterforskaren?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL