Hopp til innhold
Quiz

Kva veit du om kommunistar?

Nokre er blant verdas mest kjende personar. Andre var med i kommunistparti i Norge i korte periodar. Her kan du sjekke kva du veit om kommunistar.

TURKEY-MAYDAY-LABOUR-DEMO

KOMMUNISTQUIZ: Nokre av desse kommunistane får du spørsmål om i denne quizen.

Foto: OZAN KOSE / AFP

1/12 Det kommunistiske manifest

Kven skreiv «Det kommunistiske manifest»?

2/12 Lenin

Vladimir Lenin
Foto: NRK

Når tok Vladimir Lenin makta i Russland?

3/12 Kven tok over?

Kven tok over som statsleiar i Sovjetunionen etter at Lenin døydde?

4/12 I ml-rørsla

Edvard Hoem
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Arbeidaranes Kommunistparti (marxist-leninistame) trekte til seg fleire forfattarar på 70-talet, mellom anna han du ser på biletet. Kva heiter han?

5/12 Che

Det berømte bildet av Che Guevara som Alberto Korda tok i 1960.

Det var Fidel Castro som vart statsminister etter den kubanske revolusjonen på nyåret 1959, men for mange er ein av hans nære allierte, Che Guevara (biletet), minst like kjent. Kva land var Guevara frå?

6/12 På Stortinget

Arbeidaranes Kommunistparti eksisterte mellom 1973 og 2007, men stilte aldri til val som parti. Dei deltok derimot i val som Raud Valallianse (RV). Dette partiet klarte ved eitt høve å få inn ein representant på Stortinget. Kven var det?

7/12 Mao

Mao Zedong, 1966
Foto: Ap

Når var Mao Zedong øvste leiar i Kina?

8/12 Kommunist i regjering

Første norske regjering etter 2. verdenskrig
Foto: Scanpix / SCANPIX

Norges første kvinnelege regjeringsmedlem representerte Norges Kommunistiske Parti (NKP). Kva heitte ho?

9/12 Gymnaslærer Pedersen

Gymnaslærer Pedersen
Foto: Motlys AS

Du hugsar kanskje filmen «Gymnaslærer Pedersen» frå 2006 med Kristoffer Joner og Ane Dahl Torp i hovudrollene. Filmen er basert på boka «Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land» og handla om AKP (m-l). Kven skreiv boka?

10/12 Pol Pot

POL POT
Foto: AP

Kva lands styrte Pol Pot mellom 1976 og 1979?

11/12 Tito

Josip Broz Tito
Foto: Wikipedia creative commons

Kva land styrte Josip Broz Tito mellom 1945 og 1980?

12/12 Demokratisk kommunisme

MFRA14
Foto: AP

Kvinna på biletet blir ifølgje Store Norske Leksikon rekna som ein eksponent for «demokratisk kommunisme». Kva heitte ho?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL