Kanskje blir det dei same diskusjonane i år også.
Er det lov å byggje tårn i ludo? Er krusemyntete eit ord i scrabble ? Kor nær kvarandre kan husa i Settlers eigentleg stå?
Med denne quizen kan det hende at du er litt betre budd før du møter dei andre du skal kjempe mot.
Lukke til!
1/10 Først om klassikaren Ludo
Kva betyr eigentleg ordet «ludo» ?
2/10 Monopol miste monopolet
Monopol er eit av verdas mest kjende brettspel. I Noreg har spelet også vore gitt ut under namnet Millionær. Men i 1988 blei det lansert endå eit spel som liknar mykje på Monopol og Millionær. Kva heiter det?
3/10 Rokade
Ordet «rokade» dukkar ofte opp i samband med spelet sjakk. Kort fortalt (utan å ta med alle føresetnadene), kva er ein rokade?
4/10 Ticket to ride
Spelet «Ticket to Ride» fins i fleire versjonar, der spelet går føre seg på kontinent som Europa og Amerika, og det fins også ein versjon det spelet går i Norden. Spelet kan gå over mange rundar. Men korleis blir Ticket to Ride - Europa - avslutta?
5/10 Scrabble
Scrabble er eit bokstavspel med bokstavbrikker med ulike poengverdiar. Målet er å få høgast poengsum. Det er ikkje lov med forkortingar, eigennamn osv. Men, når det gjeld Scrabble på norsk, må alle ord stå i ei norsk ordbok?
6/10 Kortskalle
Kortskalle er ein gjetteleik for 4 spelarar der svaret ligg i kort som spelarane har festa med ein strikk rundt hovudet. Korleis får ein hint slik at ein kan kome fram til rett svar i dette spelet?
7/10 Settlers/Catan
Spelet Settlers (eller Catan i nyare versjonar) er eit strategispel som handlar om makt og handel med landområde og råstoff. I byrjinga av dette spelet står det ein svart røvar i ørkenen i midten. Kva rolle spelar denne røvaren?
8/10 Carcassonne
Carcassonne er eit brikke-spel som blei utgitt første gang tidleg på 2000-talet. Seinare har det kome mange utvidingar. Kor mange brikker er det i grunnspelet i Carcassonne?
9/10 Stigespillet
Stigespillet er eit terningbasert spel der du kjem fram til stigar du kan klatre på for å kome opp på eit høgare nivå. Men du kan også ramle ned. Langt ned. Kva er opphavet til dette spelet?
10/10 Pandemic
I spelet «Pandemic» handlar det om å samarbeide for å redde verda frå sjukdom. Kven står att som vinnar og tapar i dette spelet?
Ditt resultat
Du må svare på alle spørsmålene først.