Hopp til innhold
Quiz

Kva veit du om Arbeidarpartiet?

«Ørna blant partia» har Arbeidarpartiet blitt kalla, men oppslutninga har gått ned dei siste åra. I denne quizen kan du sjekke kva du veit om dette partiet.

BRUNDTLAND

ARBEIDARPARTIET: To sentrale Ap-politikarar gjennom fleire tiår, Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg.

Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

1/12 Leiar

Kven er leiar i Arbeidarpartiet?

2/12 Når starta dei?

Kva år vart Arbeidarpartiet stifta?

3/12 Gerhardsen

Einar Gerhardsen
Foto: Ivar Aaserud / Scanpix

Få politikarar har markert seg meir i Norge enn Einar Gerhardsen, som fekk tilnamnet «landsfaderen». Men kor lenge sat Gerhardsen som statsminister?

4/12 Måtte gå av

Kven gjekk av som nestleiar i Arbeidarpartiet 7. januar 2018?

5/12 Faren til Jens

Jens Stoltenberg var norsk statsminister i periodane 2000-2001 og 2005-2013. Men også faren hans var i mange år ein sentral Arbeidarparti-politikar. Kva heitte han?

6/12 Gro

Gro Harlem Brundtland med OL-maskotene på Lillehammer
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Gro Harlem Brundtland var norsk statsminister i tre periodar på til saman nesten ti år. Men kva yrke hadde ho før ho vart politikar?

7/12 Ny nestleiar

Leder for Ap i Nordland, Bjørnar Skjæran.
Foto: Avisa Nordland

Her ser vi han som er innstilt som ny nestleiar i Arbeidarpartiet. Men kva heiter han?

8/12 Kven er ho?

Karita Bekkemellem
Foto: Anne Elisabeth Næss

Kvinna på biletet sat fem periodar på Stortinget for Møre og Romsdal, og var barne- og likestillingsminister mellom 2005 og 2007. Men kva heiter ho?

9/12 Største parti lenge

Når skjedde det sist at Arbeidarpartiet ikkje var største parti ved eit stortingsval?

10/12 Kor stor oppslutning?

Kor mange prosent oppslutning fekk Arbeidarpartiet i stortingsvalet i 2017?

11/12 Leiaren ikkje statsminister

Jonas Gahr Støre har så langt ikkje lukkast i å bli norsk statsminister. Før han har alle Ap-leiarar sidan 1923 også vore statsministrar - minus éin. Kven snakkar vi om?

12/12 Kvar var dei størst?

I kva fylke fekk Arbeidarpartiet størst oppslutning prosentvis i 2017?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.