NRK Meny
Normal

Kva gjer Surnadal?

Naboane sitt vegval får betydning for kva vegval Surnadal skal ta.

Surnadal kommune

Med Halsa og Rindal på kvar side kan det medføre at også Surnadal går til Trøndelag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Rindal har allereie fått klarsignal frå fylkesmennene i både Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag til å skifte fylke. Men Rindal ønskjer samtidig å stå åleine, utan samanslåing med andre kommunar.

Fylkesmannen har også tatt til orde for at Halsa bør slå seg saman med Aure, men det har blitt avvist. Skulle Halsa i staden slå seg saman med Hemne og delar av Snillfjor i Sør-Trøndelag , får det stor betydning for Surnadal, vedgår ordførar Lilly Gunn Nyheim frå Arbeidarpartiet.

Kva gjer Halsa?

Lilly Gunn Nyheim

Surnadal-ordførar Lilly Gunn Nyheim er spent på kva Halsa gjer.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Førsteønskje vårt er at Halsa blir ståande som eiga kommune. Men eg har forstått det slik at dei står på vedtaket om å gå til Hemne og Snillfjord og bli ein del av Trøndelag.

Dette vedtaket blei rett nok gjort med knapt fleirtal, og då fylkesmannen teikna sin versjon av kommunekartet for eit par veker sidan var Lodva Solholm klar.

– Halsa kommune er for liten til å stå åleine og møte dei utfordringane som morgondagen gir. Og ei samanslåing med Hemne og Snillfjord er ikkje naturleg, og fyller ikkje dei kriteria for den framtidige kommunestrukturen.

Surnadal i midten

Men forslaget frå fylkesmannen har ikkje blitt avvist berre av Halsa. Også Aure har vendt tommelen ned for det. Skulle Stortinget gi Halsa det same klarsignalet til å gå nordover som Rindal alt har fått, så viser kartet at Surnadal blir ståande åeine i midten.

– Vi har over 40 interkommunale samarbeid med Rindal og Halsa, og er dei kommunane vi har absolutt mest med å gjere. Viss kommunane på kvar side av oss går til Trøndelag vil det få følgjer for Surnadal. Personleg meiner eg at då må vi ta same vegen som nabokommunane, seier Nyheim.