Legg kuttforslag på is

Signal frå Helse Midt-Noreg og helseminister Bent Høie dei siste dagane gjer at administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik legg vekk planane om kutt i akutt- og fødetilbod.

Astrid Eidsvik på pressekonferanse

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, må no leggje meir kraft inn i å effektivisere drifta av helseføretaket.

Foto: filmrull / NRK

– Vi legg no vurderinga av akutt- og fødetilbodet inn i arbeidet med utviklingsplanen for heile føretaket slik vi i utgangspunktet hadde planlagt, seier administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal Astrid Eidsvik.

Sidan helseføretaket må ta dei større strukturelle endringane innan føde- og akutttilbodet utanom budsjettet for 2014, vil ein få store utfordringar med å nå budsjettkravet for komande år.

Budsjettmøte i desember

Skissene på planlagte tiltak som direktøren la fram i eit orienteringsmøte den 25. november inneheldt forslag om samanslåing av fødeavdelingane i Nordmøre og Romsdal og samling av akuttkirurgi i Molde og Ålesund. Planane skulle opphavleg opp til handsaming under budsjettmøtet den 18. desember.

– Signalet Helse Møre og Romsdal no har fått frå Helse Midt-Noreg og som er sjekka opp mot regjeringserklæringa, seier at vi ikkje kan leggje fram endringar i akutt- og fødetilbod i samband med budsjettarbeidet, seier Eidsvik.

Når vi no trekkjer desse strukturendringane ut av budsjettdiskusjonen blir heller ikkje dei faglege og økonomiske argumenta blanda slik mange opplever no, held direktøren fram.

Effektivisering

Kravet om å finne andre løysingar på budsjettutfordringane aukar ettersom ein no ikkje får gjere større strukturelle grep.

– Vi har heile året fokus på å effektivisere drifta, men no må vi legge endå meir kraft inn i dette, seier Eidsvik.

– Meir strømlinjeforma og pasientvennlige forløp i behandlinga, gir betre utnytting av sengene, og er med på å få meir ut av kvar krone. Omlegging av drifta frå inneliggande til dagbehandling vil og gi moglegheit til å redusere noko talet på senger, og vi arbeider med dette parallellt med andre tiltak, seier Eidsvik.

Ho innser at dette truleg ikkje er nok for å komme i mål med budsjettet for 2014.

Ikkje overraska

John Harry Kvalshaug

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal John Harry Kvalshaug seier at dei no har eit krevande arbeid med å få lagt fram budjsett for 2014.

Foto: Trond Vestre / NRK

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal John Harry Kvalshaug seier at dette er ei grei avklaring som dei no tar til etterretning, og at dei no må jobbe på andre måtar for å komme i mål med busjettet for 2014.

– Kom dette overraskande?

– Nei, men det er greit å få det avklart med tydelege signal slik som vi har fått no. Økonomien er anstrengt og vi har ei9t formidabelt arbeid framfor oss for å komme i hamn med budsjettet for 2014, kanskje vi også må eit stykke inin i 2014 før vi er heilt i mål.

– Kva grep må Helse Møre og Romsdal gjere for å få orden på økonomien?

– Det som blir hovedfokus no er kva sengetal vi skal ha framover og korleis vi greier å gjere oss enno meir effektive og få meir aktivitet som gir økonomisk vinning og mindre ventetid for pasientane. Det er kvardagen i sjukehusa vi må gå inn i og få ein endå betre struktur på enn i dag, seier Kvalshaug.

– Kva er din reaksjon på at dere ikkje får gjere endringar i føde og akutt-tilbodet for å få orden på økonomien?

– Eg tar det til etterretning, men så må vi også vere klar over at dette er eit arbeid som ligg inne utviklingsplanen og som vil komme utover i 2014 uavhengig av den økonomiske situasjonen. Då skal vi klargjere den strukturen vi skal ha i sjukehusa i Møre og Romsdal framover mot 2030.


Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.