Hopp til innhold

Kuttar i SNR

Straks kontrakten for bygging av det nye sjukehuset på Hjelset er underskriven tysdag skal prosjektleiinga og entreprenøren Skanska starte på arbeidet med å redusere kostnadene.

Slik sjukehuset er planlagt no, ser kostnadene ut til å bli nesten 700 millionar kroner høgare enn styringsramma på 4,4 milliardar kroner. Den prisjusterte sluttprognosen er komen opp i over 5 milliardar kroner.

Målet er å få sluttprognosen ned i samsvar med budsjettramma. Ifølgje ein rapport er sparetiltaka identifiserte. Fasen der utbyggjaren og entreprenøren skal arbeide for å få ned kostnadene varer frå oktober til sommaren 2020. Først då blir detaljane i korleis sjukehuset blir sjåande ut heilt klare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL