For få reisande
Dette er eit ledd i eit landsomfattande kutt på innanlandsflygingar på grunn av liten trafikk.
Informasjonsdirektør i Braathens Anne Grethe Ellingsen, seier grunnen er for få passasjerar på avgangen.
Kuttar sju prosent
På landsbasis kutter Braathens sju prosent av innanlandsflya i perioden frå 22.april - 8.juni.
Avgangar som blir ramma er mellom anna samband frå Oslo til Kristiansand, Bodø, Evenes og Tromsø.
Braathens kan snu
Ruta kan vere på plass igjen viss fleire reiser
Her i fylket er det altså berre ein avgang som blir kansellert.
Dersom trafikkutviklinga viser seg å bli positiv kan avgangen klokka 1305 være på plass igjen på Vigra etter 8.juni, seier Ellingsen.