NRK Meny
Normal

– Håper folk slepp å miste jobbane sine

Politikarane i Volda får ei svært vanskeleg oppgåve når dei skal vedta kommunebudsjettet for neste år.

Ordfører Arild Iversen i Volda

Ordførar Arild Iversen i Volda kommune.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det mest alvorlege er dersom det blir slik at folk blir sagt opp frå stillingane sine og mista sitt levebrød. Det må vi forsøke å gjere så skånsamt som mogleg, seier ordførar Arild Iversen om det økonomiske uføret som kommunen no har hamna i.

Eitt av tiltaka som rådmannen foreslår er å kutte fleire stillingar i kommunen. Blant anna kan stillinga som kommuneplanleggar bli ståande tom, stillinga som kultursjef inndratt, helsesøstertenesta kan bli redusert og kapasiteten i pleie- omsorgstenesta likeins.

Eit krevjande år

I går kom det fram at Volda kommune manglar 10,6 millionar kroner på budsjettet for neste år Volda har eit altfor høgt driftsnivå i høve til inntektene og tre år har inntektene minka med 30 millionar kroner.

I sitt framlegg til budsjett for 2014 skreiv rådmann Rune Sjurgard at Volda-økonomien er i krise – og at 2014 truleg blir det mest krevjande året i kommunen si historie.

Sjølv etter omfattande kuttforslag tvilar Iversen på at budsjettet for 2014 vil hamne i balanse.

– Eg trur ikkje vi skal ta sikte på å dekkje inn den mankoen i tillegg til dei store kutta som rådmannen foreslår, seier han.

– Må bruke fleire år

Iversen seier det viktigaste for Volda neste år blir å løyse dei lovpålagde oppgåvene.

Det er sjølvsagt ein utfordrande situasjon vi er i no. Det er ein situasjon som ikkje har kome over natta, men over fleire år. Eg trur også at vi må bruke fleire år for å rette opp att i økonomien, seier han.

Til trass for dei mørke utsiktene, hevdar han at han ikkje gruar seg til året som kjem.

– Vi må ta dei utfordringane som kvardagen byr på, og det skal vi gjere, seier ordføraren.