Kursa i avansert førstehjelp

Brannmannskap over heile landet vert kursa i avansert førstehjelp for å kunne hjelpe før ambulansen kjem til ulykker. Statistikk viser at brannmannskap rykker meir ut på ulykker og helseoppdrag enn brannar. Også i Norddal har brannmannskapa fått dette kurset, men brannsjef, Lars Smoge, fryktar at det snart går ei grense for kva oppgåver brannmannskap som jobbar i små deltidsstillingar skal ha.

Andreas Ødegaard på førstehjelpskurs
Foto: Remi Sagen / NRK