Hopp til innhold

Kunststudentar spikra i hundre år gamle tre

Ålesund kommune fortvilar over at studentar frå kunstfagskulen har skrudd skruar i trea i byparken for å henge opp kunst. – Dette er ikkje bra, seier driftsleiar Martin Hessen.

Spikra kunst på gamle tre i byparken i Ålesund

Kunststudentane i Ålesund hengte opp fleire små kasser i byparken. Desse vart fjerna av kommunen

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Studentar frå Ålesund Kunstfagskole har hengt opp mange små trekasser i byparken i Ålesund, som skal få publikum til å smile. Dei fargerike boksane som dei kallar smilekasser, har ulikt innhald, for å muntre opp dei som kikar inn i.

Det er Ålesund kommune som driftar byparken og dei vart overraska då dei oppdaga kunsten som hang i dei gamle trea.

Driftsleder Martin Hessen

Martin Hessen i Ålesund kommune meiner at kunstskulen burde ha tatt kontakt på førehand.

– Ein kan ikkje skru ting i trea. Dei skal stå der lenge og vi må ta vare på dei slik at dei ikkje utviklar sjukdomar, seier Martin Hessen. Han er driftsleiar for veg og park i Ålesund kommune. Kommunen vedtok i dag at kunsten måtte fjernast.

Mange av trea som står i byparken er over 100 år gamle. Hessen seier at dei store trea er av stor verdi og er uerstattelege.

– Vi kan ikkje tillate inngrep i trea. Kunsttiltaket var jo flott i seg sjølv, men skulen burde ha tatt kontakt, så kunne vi ha hjelpt dei med å gjere det på ein annan måte, seier Hessen.

– Brukte små skruar

Ragnar Johansen

Rektor ved Ålesund kunstfagskole, Ragnar Johansen, seier at studentane var medvitne på å bruke små skruar.

Foto: privat

Rektor ved Ålesund kunstfagskole, Ragnar Johansen, seier at studentane var medvitne på å bruke små skruar for ikkje å øydelegge trea.

– Vi tar til etterretning at vi skulle ha sjekka med forvaltaren av parken slik at vi kunne ha festa boksane på ein annan måte. At vi ikkje gjorde det, tar vi sjølvkritikk på, seier Johansen.

Han fortel at føremålet med prosjektet var å spreie glede i byrommet og få spontane reaksjonar frå publikum.

– Vi planlegg nye ting til våren og då skal vi passe på at vi fylgjer gode levereglar og ikkje skader noko, seier Johansen.

Byparken i Ålesund

Fleire av trea i byparken i Ålesund er over 100 år gamle.

Foto: Synnøve Hole / NRK