Hopp til innhold

Stadig fleire nordmenn har plasttre i stova, men ikkje familien Eide: – Nei, det går ikkje

Kunstig eller ekte tre i stova i jula? Debatten dukkar opp kvart år, men i år ser det ut til at plasttreet har fått eit oppsving 🎄

Nikolai og Laurits Eide ber eit samanpakka juletre dei nett har kjøpt. Gutane har på seg jakker og huer og ber treet, som er pakka inn i netting, mellom seg. Laurits går bakerst og smilar. Ikring dei ser vi andre juletre og ei slik trakt ein brukar for å pakke dei i plastnetting. Gutane sklir på isen og ler.

Nikolai og Laurits Eide trassar snø, is og hålkeføre for å få eit ekte tre med seg heim til jul.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Vi burde no sikkert hatt eit plasttre, for mora er allergisk. Men jula handlar no om å gje og ofre litt, so då får dette vere hennar gåve til oss då, seier Sebastian Eide.

Han har nett fått eldsteson sin, Nikolai Eide til å sage ned grana familien skal ha inn i stova.

Familien gjer dette kvart år – dei reiser til den same juletrebonden og høgg treet like før julaftan.

– Eg tykkjer det er litt viktig. Det er no ein gamal tradisjon, å gjere jobben sjølv, seier Eide.

Men salet til fleire butikkar i år kan tyde på at færre gjer som dei og vel å ha eit ekte juletre.

Nikolai, Julian og Sebastian Eide står og pratar med juletrebonde Lars Inge Breivik. Breivik står mest vendt mot kamera. Han er ein eldre mann med kvitt skjegg, briller og ei raud nissehue. Dei står inne i eit skogholt tett med mindre grantre.

Lars Inge Breivik (t.h.) har seld Sebastian Eide og familien hans juletre i åresvis. Han har allereie plukka ut eit han trur dei vil like på førehand. Sebastian er heilt klar på at dei ikkje skal ha noko plasttre: – Nei, det går ikkje.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Familien Eide har hogga juletre og står med det mellom seg. Frå venstre: Laurits, Julian, Sebastian og Nikolai. Dei står inne i ein liten skog av grantre. Alle er kledd for vinter, og der ligg snø på bakken. Laurits held treet, medan Nikolai har ei raud sag i hendene. Alle står og vurderar treet.

Eide-gutane er nøgde med dagens fangst. Frå venstre: Laurits, Julian, Sebastian og Nikolai.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Lars Inge Breivik står ved nokre juletre på gardsplassen sin. Han er ein eldre mann med raud kjeledress, kvitt skjegg, briller og ei raud nissehue. Han har ei saks i eine handa og trimmar greinene på nokre juletre som står stilt opp etter løeveggen hans. Bak han ser vi eit julepynta hus. Det er snø og is på bakken.

Juletrebonde Lars Inge Breivik har hatt eit godt sal i år, og det er kanskje ikkje overraskande kva tre han skal ta inn i stova si: – Nei, det er ikkje eit plasttre, det kan du vere sikker på, seier han og ler.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

– Det går mest kunstig. Langt meir

På Plantasjen i Ålesund er dei so og seie utselde for levande juletre. Atle Christoffer Istad hjelper kundar å leite i dei siste, korte trea som står att. Han er ikkje i tvil om at dei vil forsvinne før julekvelden.

– I fjor enda vi med å kaste kring 200 tre, men i år går vi tom, seier han.

Men trass godt sal, er det ikkje dei ekte granene som er storseljarane i år.

– Det går mest kunstig, langt meir, seier Istad.

Han trur det er det økonomiske som gjer at folk vel å kjøpe plasttre.

– Du kjøper jo eit tre som varer. Det er lettare å investere 1500–2000 kroner i eitt tre som varer 7–8 år før det vert utdatert, kontra desse. Dei største ekte trea våre kostar jo 1300 kroner. Å betale det for noko som skal stå i to veker er ofte litt dyrt, i alle fall no, seier han.

Har du ekte eller kunstig 🎄 heime?

Atle Christoffer Istad står med regnklede med Plantasjen sin logo på. Han har briller, kort mørkt skjegg og ei grøn hue. Han ler godt og ser inn i kamera. Bak og ikring han ser vi kunstige juletre som står på visning. Bak han ser vi andre varer og hyller, og det er tydeleg at ein er inne i varehuset.

– Vi hadde ei katt som reiv ned treet nokre gongar, og so fekk vi småungar som byrja klatre opp i det. Då vart det berre betre å gå for kunstig nokre år, men når vi først er på den bølgja er det veldig praktisk, seier Atle Christoffer Istad.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Nærbilete av eit kunstig juletre. Treet er av plast og har falsk snø eller rim på seg. I bakgrunnen, ute av gokus, ser vi fleire kunstige tre med lys på seg.

Snødekte greiner i 20 plussgrader i stova, ingenting å støvsuge, innebygde lys, kanskje til og med ferdig pynta i boden? Argumenta for kunstige tre er mange, meiner Istad.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

25 prosent fleire plasttre i år

I år sel norske juletrebønder kring 600.000 ekte, norske tre, ifølgje Heidi Amundsen, dagleg leiar i organisasjonen Norsk Juletre.

I tillegg vert det importert over 200.000 tre frå utlandet, melder SSB.

Oppå dette kjem det butikkane sel av norske tre. Coop har seld kring 60.000 slike.

Men dei kunstige trea er mange dei og. I 2017 hadde halvparten av alle nordmenn plasttre heime.

Chlas Ohlson har i år auka salet sitt av kunstige tre med 25 prosent sidan i fjor, får NRK opplyst. Coop har auka sitt med 4 prosent, medan Ikea sel om lag like mange som i fjor.

Les også Plastboom for norske juletre – dette bør du gjere om du skal tenke på klima

Far og to døtre ser på et kunstig juletre

Lukta av jul

Det ekte treet til familien Eide er straks klar for julepynt, glitter og pakkar. Sønene seier det er viktig at treet luktar riktig, noko eit plasttre ikkje gjer.

– Er de nøgde med det?

– Ja, det går no ikkje an å angre no då, seier Sebastian medan han står med det nedsagde treet i hendene.

Og kva tid det skal pyntast er det heller ingen tvil om

– Det må no vere vesle julaftan. Vi har no gjort det kvart år, seier Nikolai Eide.

Nikolai og Laurits Eide stappar juletreet sitt inn i bilen. Biletet er teke frå framsetet, og vi ser gutane stappe eit grønt tre pakka i kvit plastnetting inn gjennom bagasjeromsluka. Gutane ser konsentrerte ut. Bak dei att ser vi ei fotballbane. Minstebror Julian Eide står i ei knall oransje jakke bak og ser på.

Nikolai og Laurits Eide stappar juletreet i bilen, før det skal heim og dekkast av pynt.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK