Hopp til innhold

Kunne juble etter 44 års venting

Det gjeld å vere uthaldande, også i fotball. Ein av svært få Leicester-fans her i landet jublar for seriegull.

Frode Mauren

Frode Mauren (51) jublar for seriegull, 44 år etter at han vart Leicester-supporter.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er ikkje så mange Leicester-fans her i landet. Men Frode Mauren har heia på laget sidan 1972. Då Leicester-fansen i England jubla for seriegullet i går, sat 51-åringen mutters åleine på Valderøya på Sunnmøre.

– Det er ganske einsamt å heie på Leicester, seier 51-åringen flirande: – Nei, no er det heilt utruleg kjekt!

Så seint som 24.april var han på King Power Stadium. Laget hans slo Swansea 4-0. Då skjønte han det gjekk rette vegen.

- Den stemninga som var der i 93 minutt, har eg aldri før opplevd på eit fotballstadion.

Frode Mauren

Naustet på Valderøya er ein fin plass å vere når Leicester spelar kampar. Ingen andre har interesse av å vere med.

Foto: Remi Sagen / NRK

Som einsam Leicester-supporter, drar han ofte åleine til naustet sitt ved fjorden på Valderøya når favorittlaget spelar.

Liverpool-fansen uffar seg

- Liverpool-fansen i nabonaustet uffar seg over måla som rullar inn. Eg sit og nyt Leicester-suksessen med eit glas vin.

Ti ting som er (mye) mer sannsynlig enn at Leicester skulle vinne

Det kan vere mange grunnar til å ha eit favorittlag. Men bakgrunnen for Frode Mauren sitt val i barndommen, er nok blant dei mest originale.

- Eg bladde i ei fotballbok med alfabetisk liste over alle lag. Mange heldt med Leeds den tida. Dermed valde eg laget på neste side, og det var Leicester. Sidan har det vore berre ein klubb for meg, seier Frode Mauren.

Frode Mauren

Leicester-supporteren såg laget sitt så seint som 24.april, då dei slo Swansea 4-0.

Foto: Remi Sagen / NRK


Jubelsesongen er ikkje over. No planlegg han ein durabeleg fotballfest i naustet når serievinnaren møter Chelsea i den siste kampen.

- Eg blir ganske sikkert einaste Leicester-suportaren på festen. Men eg trur Liverpool- og United-fansen unnar oss dette gullet.

Vant 100.000 på Leicester-gullet