Hopp til innhold

Kunne ha vore stoppa

Ankerhandteringsoppdraget kunne ha vore stoppa, då dei på feltet såg kva problem langt større skip hadde med oppdraget.  Det sa administrerande direktør  i Bourbon, Trond Myklebust til granskingskommisjonen i dag.

Granskingskommisjonen Bourbon Dolphin

Granskingskommisjonen etter Bourbon Dolphin-havariet.

Foto: Terje Reite

Det er lagdommar Inger Lyng som leier utspørjinga, mykje assistert av politiinspektør Yngve Skovly.

Fleire hadde vanskar

Ei rekkje andre skip hadde også problem med ankerhandteringa samstundes som Bourbon Dolphin hadde vanskar.  Dette kom fram under høyringa til granskingskommisjonen i Ålesund i dag.  Det blei mellom anna referert til at det langt større skipet Olympic Hercules, som var med i same operasjon som Bourbon Dolphin, også hadde vanskar då dei skulle fire ut kjetting.

Kunne ha vore stoppa

- Fleire burde ha stoppa dette då dei såg kor langt større skip sleit, sa Trond Myklebust.  Under utspørjinga sa imidlertid ikkje Myklebust noko om kven som kunne ha stoppa prosessen.

Ikkje informert

 - Blei rederiet informert om kva tekniske utforderingar som låg i oppdraget, spurte politiinspektør Yngve Skovly. - Nei, eg var ikkje involvert i desse vurderingane, sa Trond Myklebust. Han viste også til fleire forhold som kunne ha ført til at havariet kunne ha vore unngått.  Bourbon Dolphin ba mellom anna om hjelp frå  skipet Olympic Hercules, då assistentskipet Highland Valour fekk vanskar med å gripe tak i kjettingen Bourbon Dolphin hadde ute.  Spørsmålet om hjelp gjekk til leiinga for operasjonen, om bord på oljeboringsplattforma.  Denne hjelpa fekk aldri Bourbon Dolphin.

Endra rolle

Trond Myklebust  stilte også spørsmål ved kva som skjedde då Bourbon Dolphin blei gjort til hovudfarty.  Det var fem farty i operasjonen, og det var ikkje meininga at Bourbon Dolphin skulle spele hovudrolla.

Alternativ

Trond Myklebust blei også spurt om det kunne tenkast alternative måtar å legge ut anker på, på så store djup som Bourbon Dolphin opererte på.  Myklebust stadfesta at det på store djup er utvikla alternative prosedyrar, men at desse blir brukte i mindre grad i Nordsjøen.  Systemet blir kalla "prelay", og er med på å redusere behovet for utsetjing av tung kjetting.

Rutinar

Store delar av utspørjinga har så langt handla om rutinar kring inngåinga av kontraktar.  Trond Myklebust forklarte at han hadde minimalt med kontraktinngåinga  å gjere.