Hopp til innhold

– Vi kunne ha møtt ein nedbrent skule

Natt til torsdag prøvde nokon å brenne ned Leikanger skule i Herøy. Skulesjefen seier ho er skremt over forsøket.

Då Leikanger skule skulle opnast for ein ny dag torsdag, var det eit skremmande syn og ei skremmande lukt som møtte dei tilsette. I løpet av natta hadde nokon teke seg inn i Leikanger skule og gjort eit forsøk på å tenne på skulen innanifrå.

Leikanger skule

Her kan ein sjå svimerka ved ei av trappene på skulen.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg er overraska og skremt. Dette er ein ny situasjon. Vi har opplevd hærverk og tjuveri, men dette er noko anna. Dersom vedkomande hadde fått det som ønska, så kunne vi ha møtt ein nedbrent skule i dag, seier Sølvi Lillebø Remøy som er skulesjef i Herøy.

Henta heim skulebarna

Hendinga gjorde at skuleleiinga bestemte at dei 72 elevane skulle bli henta av foreldra. Elevane vart først samla i gymsalen i grendehuset ved skulen etter at innbrotet vart oppdaga.

Der vart dei informerte om det som hadde skjedd og halde under tilsyn inntil foreldra eller andre kom å henta dei.

– Når slike ting skjer, er det viktig at politiet får gode arbeidshøve for å sikre tekniske spor, forklarar Remøy.

Må reingjere skulen

Delar av Leikanger skule vert grundig reingjort for å bli kvitt all tennvæska som har blitt spreidd utover trappeoppgang, gangane og eitt av klasseromma. Håpet er å kunne ta imot elevane fredag som vanleg.

– Vi kjem truleg til å ha skule som elles på fredag, seier skulesjefen og oppmodar foreldra til å ha kontakt med skulen for å vere på den sikre sida.

Leikanger skule

Leikanger skule.

Foto: Arne Flatin / NRK