NRK Meny
Normal

Dette er det nye kulturhuset

Kulturkvartalet blir det nye opera- og kulturhuset i Kristiansund.

Det nye opera og kulturhuset i Kristiansund.
Foto: Illustrasjon: CF Møller

Operahus Kulturkvartalet Kristiansund

Det nye operahuset i Kristiansund blir Kulturkvartalet.

Foto: Illustrasjon: CF Møller
Kulturkvartalet Kristiansund operahus

Alt blir samla under eitt tak, opplyser Knut Olsen i FG Eiendom.

Foto: Illustrasjon: CF Møller
Kulturkvartalet Kristiansund operahus

Kristiansunds nye storstove.

Foto: Illustrasjon: CF MØLLER
Kulturkvartalet Kristiansund operahus

Det vil bli ei heilt ny oppleving for publikum, trur operasjef Line Lønning Andersen.

Foto: Illustrasjon: CF Møller

Det vart klart på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

Stor dag

Det er arkitektfirmaet CF Møller som står bak teikningane til huset.

Kva synest du om huset? Diskuter til slutt i artikkelen.

Operasjef Line Lønning Andresen seier dette er ein stor dag for operaen i Kristiansund.

– Eg er strålande fornøgd. Det er ein flott dag, vi er eit steg nærare eit nytt opera og kulturhus i Kristiansund.

– Dette kjem til å bety enormt for operaens vidare utvikling, seier ho til NRK.

Betre for publikum

Fem arkitektar har levert forslag til korleis huset skal sjå ut.

Alle teikningar vart utstilt på Caroline kurs- og konferansesenter i vår. Arkitektfirmaet CF Møller går sigrande ut av konkurransen.

– Dette gir oss store mulegheiter til å utvikle oss kunstnerisk, og vil gi oss ein mykje betre arbeidskvardag. Eg er også sikker på at det nye huset gir betre opplevingar for publikum, seier operasjefen, Line Lønning Andersen.

Ho slår fast at eit hus som dette har vore eit sakn lenge.

Maurtue

Det er FG Eiendom med Knut Olsen i spissen som er eigedomsselskapet for det nye kulturhuset. Olsen seier det nye huset vil bli som ei maurtue.

– Eg er sikker på at det vil vere aktivitet i huset 16-18 timar i døgnet. Det blir som ei maurtue. Alt blir under eitt tak, seier han til NRK.

- Når vil huset stå ferdig?

- Eg har vore talsmann for 2013, men i realismens lys trur eg vi må sjå fram til operafestvekene i 2014, seier Knut Olsen i FG Eiendom.