Riksantikvaren skal nå vurdere om det skal gis dispensasjon frå kulturminneloven slik at utbygginga av anlegget kan gå som planlagt.
Bakgrunn
Ilandføring av gass frå Ormen Lange til Nyhamna på Gossa kjem i konflikt med fleire kulturminne - der spesielt to skil seg ut.
Begge to har staus høg verneverdi - og begge to er frå steinalderen. I den eine lokaliteten er det funne keramikk pilspissar. Det meste av denne lokaliteten ligg under eit tjukt lag med myr og har ein storleik på 2000 kvadratmeter.
Den andre er tidfest til eldre steinalder. Dette er den eldste dateringa i Møre og Romsdal. Der blei det mellom anna funne ei skiveøks og ein einegga pilspiss.
Men i alt er det 22 kulturminne som ligg innanfor området som er regulert til byggeområdet i samband med gass-ilandføringa.
Dispensasjon
Fylkeskonservatoren går inn for å gi dispensasjon for utbygging i heile dette området i og rundt Nyhamna. Men ikkje utan at funnstadane som er påvist blir undersøkt grundigare.
Det er til sjuande og sist Riksantikvaren og Miljøverndepartementet som skal avgjere om funna er av så stor betydning at det kan stoppe byggeplanane på Nyhamna.
I følgje avdelingsdirektør Unni Grønn hos Riksantikvaren blir det frå deira sida ikkje starta noko arbeid og behandling før Stortinget endeleg har fatta eit vedtak om ilandføring. Og det skjer først neste år.
Så inntil då er det uvisst om kulturminna set ein stoppar for ilandføringsplanane på Nyhamna.