Hopp til innhold

Kalde nordmørs-kyrkjer skremde jule-gjestane

Fleire kyrkjer på Nordmøre hadde færre besøkjande på julaftan enn normalt. Kulda kan vere årsaka.

Kirklandet kirke i Kristiansund

Det var nok langt fleire her på julaftan. Men kulda gjorde at her var omlag 100 færre enn vanleg på julaftan.

Foto: NRK

Kirklandet kirke i Kristiansund hadde omlag 100 færre besøkjande enn vanleg.

Sverre Jansen, prost i Ytre Nordmøre.

Sverre Jansen er prost i Ytre Nordmøre prosti.

Foto: Rune A. Hansen / NRK

– Det var veldig kaldt i kyrkjene i jula. I nokre av kyrkjene hadde vi problem med å fyre opp. Så det har vore vanskelg å halde varmen, seier prost Sverre Jansen.

– Kor kaldt har det vore i kyrkjene?

– Vi forsøkjer å halde ein temperatur på 18 til 19 grader. Men det er vanskeleg å kome opp i så mange grader i ein del av kyrkjene. Eg har sjølv vore i gudsteneste der eg har hatt på meg både frakk og skjerf, seier Sverre Jansen til NRK.

Varmare i Molde

Til Molde domkyrkje var det fleire som tok turen på julaftan i år enn i fjor. Diakon Terje Jonsson seier det var omlag 20 grader i kirka.

Terje Jonsson

Diakon i Molde domkyrkje, Terje Jonsson.

Foto: Aina Rødal / NRK

– Vi skalka lukene godt på førehand. Vi prøvde også å halde dørene godt igjen, slik at ikkje all varmen gjekk ut, seier Jonsson.

– Men det var kaldt i år. Frykta de at folk skulle halde seg heime?

– Nei, ikkje spesielt. Når det er jul er det jul enten det er kaldt eller varmt. Same korleis det er så går vi til gudsteneste når det er jul, seier Jonsson.

– Skal vere varmt og koseleg

Sverre Jansen beklagar at det blei for kaldt i nokre av kyrkjene på Nordmøre. Han seier det ikkje er ønskjeleg med slike temperaturar på julaftan.

– Det er eit minus når folk blir sitjande og kjenne på at det er kaldt. Det bør jo vere varmt og det skal vere ein koseleg temperatur, seier prost Sverra Jansen.