NRK Meny
Normal

Må purre på kommunane om oppreising til barnevernsbarn

Fleire kommunar har enno ikkje svart på om dei vil vere med på ei oppreisingsordning for barnevernsbarn.

Fosterhjem - illustrasjon

Illustrasjonsbilete: KS vil vente med fylkesmøte til dei har fått svar frå fleire kommunar om oppreisingsordninga for barnevernsbarn.

Foto: Illustrasjonsfoto

Rådgjevar i KS, May-Ann Bruun

Rådgjevar i KS, May-Ann Bruun, håper at fleire kommunar vil vere med på oppreisingsordninga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fristen har gått ut og KS purrar no på kommunane som ikkje har svart på om dei blir med på oppreisningsordninga for barnevernsbarn.

Nitten av kommunane svarte innan fristen 1. mars.

Rådgjevar i KS, May-Ann Bruun, seier at dei vil høyre frå fleire før dei behandlar saka i fylkesmøte.

– Vi har fått svar frå om lag halvparten av kommunane i fylket. Men for å ha eit best mogeleg grunnlag for fylkesmøtet bør vi ha svar frå fleire, seier Bruun.

Dei fleste er positive

Av dei som har svart er dei fleste kommunane positive til oppreisingsordninga. Femten kommunar seier ja, to vil kome med svar snart, medan Kristiansund har hatt ei eiga ordning og Gjemnes ikkje vil vere med.

– Må alle kommunane vere med for at det skal bli noko av?

– KS har ikkje sagt at alle kommunane må vere med, men vi har eit sterkt ønskje om at så mange som mogeleg er med på ordninga, seier rådgjevaren.