Hopp til innhold

Mindre tallerkenar gav massive innsparingar

For to år sidan starta Hotel Union i Geiranger å bruke små tallerkenar til buffet og julebord. Det har gjort at hotellet har spart over 100.000 kroner på matbudsjettet.

Hotel union geiranger
Foto: Frank Stenersen

Situasjonen skulle vere kjent nok. Du kjem svolten til ein diger, bugnande buffet og fyller den romslege tallerkenen med alt auget lystar. Gjerne med påfyll. Så vert du akutt mett og let restane gå i søpla.

Det var nettopp den store mengda matavfall hotellet ville gjere noko med, fortel Sindre Mjelva.

Han er direktør ved Hotel Union i Geiranger. For to år sidan sette dei fram mindre tallerkenar på julebordet, som eit prøveprosjekt og oppdaga at folk tok mindre mat på fatet.

– Folk vart også meir bevisste på kva dei åt, seier Mjelva.

LES OGSÅ:

Sparer store summar

No brukar hotellet dei mindre tallerkenane fast til julebord og buffetar. Det fører til at dei kastar langt mindre matavfalll enn før.

Hotellet har også spart pengar sidan dei brukar mindre på matinnkjøp. Hotelldirektøren trur innsparinga er på minst 100.000 kroner.

– Vårt neste prosjekt vert å få gjestane til å drikke meir vatn, seier Mjelva.

(Saken fortsetter under bildet)

Tallerkenar hotel union geiranger

Dei nye tellerkenane er ca 5-6 cm mindre i diameter.

Foto: Hotel Union

Kjent slanketriks

Stiftinga GreeNudge, som forskar på klimatiltak, anslår at nordiske kjøkken kastar over 800.000 tonn med matavfall. I 2012 studerte dei korleis hotellbransjen kan redusere avfallet.

– Å bruke små tallerkenar er eit kjent slanketriks. Det gjer at folk ikkje lesser på meir enn dei klarer å ete. Dermed vert det kasta mindre også, seier Steffen Kallbekken. Han er dagleg leiar i stiftinga.

Reduserte avfall med 20 prosent

Sindre Mjelva

Direktør Sindre Mjelva ved Hotel Union i Geiranger.

Restaurantane som var med i studien og brukte ein tallerkenstorleik mindre, reduserte matavfallet med 20 prosent. Kallbekken trur ikkje hotellbransjen er klar over kor enkelt det er å redusere matavfallet.

– Dei fleste skjøner ikkje at det er så lite som skal til. Hotella sparer ikkje berre miljøet, dei sparer også pengar på å kjøpe inn færre råvarer, seier Kallbekken.

Feilvurderer magen

Han trur dei enorme mengdene matavfall i bransjen, i hovedsak skuldast at gjestane feilvurderer magemålet sitt. Og sidan dei allereie har betalt for buffeten, prøver dei nye ting som dei ikkje likar.

Han trur det er mykje å hente på å få gjestane til å bli litt meir miljømedvitne.

– Kjøkkena er flinke til å utnytte maten godt, og det dei kastar er stort sett beinrestar og skrell. Slikt som må kastast uansett, seier Kallbekken.